01/08/2023
Eg blir glad når vêret er så fint at eg kan gå barfot og vifte med tærne og kjenne på god energi. Men korleis ta vare på overskuddet frå sommaren utover hausten og unngå at stresset snik seg inn?
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Ofte er det jo ikkje jobben eller oppgåva under sjølv som er så stressande, men det at me går og tenker på det støtt og stadig, når me kunne ha slappa av.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Mange menneske lever i dag eit liv med kronisk stress. Spesielt kvinner går kontinuerlig med ein opplevelse av at deira bidrag ikkje er nok.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Nyare forskning viser at kronisk emosjonelt stress ein viktig underliggande årsak til svært mange kroniske lidelsar. Typisk eksempel er ein langvarig følelse av mistrivsel, utilstrekkelighet, uro, skam, vanskelig for å sette grenser mm.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Ofte skapar me stresset vårt INNI oss, derfor er det så viktig å jobbe med dei tankene og følelsane som ligg bak stresset vårt.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Stress handlar nemlig ikkje kun om at du har eit stressande liv med mange oppgaver, forpliktelsar og ansvar, men derimot om korleis du TENKER om det. For det er jo nettopp tankane og overbevisningane våre som er bakenforliggande årsaker til at me har det slik. Og me menneske kan oppleve same situasjon heilt ulikt, forsi me tenker ulikt om den.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Ofte kan det vere mønster me har med oss heilt frå barndommen som ubevisst styrer og begrensar oss, og som slår ut i kjente mønster som prokrastinering, perfeksjonisme, overanalysering, bekrymringstankar og behov for kontroll. Eller denne naga de uroen som mange kjenner seg igjen i i kvardagen. Og som etter lengre tid kanskje slår ut i at noko skurrar fysisk i kroppen din.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Den gode nyheten er at dette kan du bryte deg fri frå. Mi erfaring er at det går an å finne ut kva som ligg bak uroen din og å rydde opp i det. Både dei openbare årsakene og dei mindre opplagte.
⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀⠀
Ta kontakt om du vil finne ut om coaching kan vere noko for deg.