16/06/2026
Hos oss kan du få kjøpt solsikkeband.
🌻 Kjenner du til solsikkebandet?
Solsikkebandet er eit internasjonalt symbol som blir brukt av personar med usynlege funksjonsnedsetjingar eller andre utfordringar som ikkje synest utanpå. Det kan til dømes vere autismespekterforstyrringar, ADHD, Tourette syndrom, angst, kronisk sjukdom, nedsett høyrsel, demens eller andre tilstandar.
Når nokon ber eit solsikkeband, kan det vere eit teikn på at dei har behov for litt ekstra tid, forståing, tolmod eller støtte i kvardagen.
Sjølv om solsikkebandet er godt kjent i mange land, er det framleis ikkje så kjent i Noreg. Vi håpar at auka merksemd – både frå oss og mange andre som har delt informasjon om solsikkebandet i sosiale medium den siste tida – kan bidra til meir kunnskap, forståing og inkludering.
No i sommarferien er det mange som reiser, ventar i kø og opplever travle «anleisdagar».
Då kan små handlingar bety mykje:
🌻 Møt folk med eit smil.
🌻 Vis litt ekstra tolmod.
🌻 Gje rom og tid når det trengst.
🌻 Hugs at nokre kan få gå foran i kø eller få tilrettelegging av gode grunnar, sjølv om behovet ikkje er synleg.
🌻 Tilby hjelp dersom det kjennest naturleg.
Ikkje alle utfordringar er synlege. Med litt omtanke og forståing kan vi saman gjere kvardagen og ferien lettare for mange.
💛 Takk for at du bidreg til eit varmare, tryggare og meir inkluderande samfunn