Lindseth Kiropraktikk

Lindseth Kiropraktikk Kiropraktor som tilbyr pasientsentrert behandling og øvelser. Tilgjenglig på Voss og Dale.

☀️ Feriemodus med kvilepuls🌊🍦Denne veka byter kiropraktor Hilde ut jobb med sørlandsidyll, salt sjøluft og ekte kvilepul...
10/05/2026

☀️ Feriemodus med kvilepuls🌊🍦

Denne veka byter kiropraktor Hilde ut jobb med sørlandsidyll, salt sjøluft og ekte kvilepuls i Kristiansand 😎

Eg tek ei veke ferie og er tilbake på jobb måndag 18. mai.
Treng du hjelp i mellomtida? Pål held fortet og er på jobb hjå Lindseth Kiropraktikk både på Voss og Dale💪 Timebestilling ka gjerast på nettbookinga på: www.lindsethkiropraktikk.no😌

No skal dagane nytast med lave skuldre, sein morgonkaffi og sommarstemning ☀️⛵Ha ei fin veke ☀️🌸🌿

Mai = meir aktivitet 🌿☀️  …men kroppen din er kanskje ikkje heilt klar?Plutseleg går vi frå vintermodus til:🏃‍♂️ Løpetur...
05/05/2026

Mai = meir aktivitet 🌿☀️
…men kroppen din er kanskje ikkje heilt klar?

Plutseleg går vi frå vintermodus til:
🏃‍♂️ Løpeturar
🎒 Fjellturar
🚴‍♀️ Sykkelturar
🌱 Hagearbeid
🧹 Vårreing

Og då kjem ofte plagene snikande: stiv nakke, vond rygg eller ein kropp som ikkje heng heilt med.

👉 Visste du at mange av desse plagene kjem av brå auke i aktivitet – ikkje nødvendigvis skade?

Hos oss startar vi alltid med ei grundig undersøking og diagnostisering, slik at vi finn ut kva kroppen din faktisk treng.

Små justeringar kan gjere stor forskjell – både for prestasjon og kvardagskomfort 💪

📩 Send oss ei melding om du lurer på noko og me hjelper deg gjerne 🌿

Gravidkroppen er fantastisk! Det er òg ei tid med store endringar i kroppen 🤍Auka hormonpåverknad og endra belastning ka...
23/04/2026

Gravidkroppen er fantastisk! Det er òg ei tid med store endringar i kroppen 🤍

Auka hormonpåverknad og endra belastning kan påverke musklar og ledd, og mange opplever smerter i rygg, be**en, nakke eller skuldre i løpet av svangerskapet.

Kiropraktisk behandling kan vere eit skånsamt og trygt tiltak for å støtte kroppen i denne fasen av livet 💚Behandlinga blir alltid tilpassa den gravide, med fokus på komfort, tryggleik og individuelle behov.

Målet er å:
🌸 Betre rørsle og funksjon i ledd og musklar
🌸 Redusere spenningar og smerter
🌸 Støtte kroppen si naturlege tilpassing gjennom graviditeten

Ei god oppfølging kan bidra til ein meir komfortabel kvardag – slik at du kan bruke energien på det som verkeleg betyr noko 💛

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller ønskjer ei fagleg vurdering😌

**enplager tryggbehandling helse omsorg

Ynskjer du ein lettare og meir smertefri kvardag? 🌿Nakken din spelar ei viktig rolle i korleis du har det – både i arbei...
15/04/2026

Ynskjer du ein lettare og meir smertefri kvardag? 🌿

Nakken din spelar ei viktig rolle i korleis du har det – både i arbeid og fritid. Når han fungerer godt, merkar du det på heile kroppen.

Mange opplever stivheit, spenningar eller hovudpine i periodar. Den gode nyheita er at det finst hjelp – og ofte skal det ikkje så mykje til for å få det betre.

Hos oss får du behandling tilpassa deg, med fokus på:
🍃 Betre rørsle i nakken
🍃 Mindre spenningar og ubehag
🍃 Ein kvardag med meir overskot

Små justeringar kan gi stor effekt – og hjelpe deg tilbake til ein meir behageleg og aktiv kvardag.

📩 Send oss ei melding eller bestill time når det passar deg.

Våren er her – og det betyr at mange snører på seg joggeskoa igjen! 🌱🏃‍♂️Som kiropraktorar vil me dele nokre enkle tips ...
08/04/2026

Våren er her – og det betyr at mange snører på seg joggeskoa igjen! 🌱🏃‍♂️

Som kiropraktorar vil me dele nokre enkle tips for å kome godt i gang med løpinga utan skadar:

🔹 Start roleg
Sjølv om motivasjonen er høg, treng kroppen tid til å tilpasse seg. Auk distanse og intensitet gradvis.

🔹 Varm opp fyrst
5–10 minutt med lett aktivitet og dynamiske rørsler førebur musklar og ledd.

🔹 Varier underlaget
Asfalt gir stor belastning over tid. Prøv grus, sti eller bane for å redusere einsidig belastning.

🔹 Tenk teknikk
Hald ein oppreist kroppshaldning, avslappa skuldrer og korte, lette steg.

🔹 Lytt til kroppen
Smerter som varer over tid er eit signal – ikkje ignorer det. Tidleg oppfølging kan førebygge større problem.

🔹 Hugs restitusjon
Kvile, søvn og lett tøying er like viktig som sjølve treninga.

Ta vare på kroppen – så kan du nyte løpegleda heile våren! 🌼

Har du spørsmål eller kjenner på plager? Ta kontakt – me hjelper deg ☀️

Det nærmar seg påske! Hilde blir vekke siste del av denne veka, men fortsatt mulighet å få behandling før påsken hjå Pål...
24/03/2026

Det nærmar seg påske! Hilde blir vekke siste del av denne veka, men fortsatt mulighet å få behandling før påsken hjå Pål🍃🐣

Elles vil me begge jobbe tysdag 31.Mars på Voss- Hilde formiddagen og Pål ettermiddagen☀️
Pål jobber på Dale 31.Mars på formiddagen ☀️

Om du ynskjer time kan du bestille her:

https://timebestilling.aspit.no/ #/p4208/main

🌱 Våren er her – klar for å kome i gang med treninga?Me tilbyr i tillegg til behandling også treningsoppfølging.Me lagar...
05/03/2026

🌱 Våren er her – klar for å kome i gang med treninga?

Me tilbyr i tillegg til behandling også treningsoppfølging.Me lagar treningsprogram tilpassa deg og dine mål.

Du får:

✅ 1 time funksjonell test
✅ Eit individuelt tilpassa treningsprogram
✅ Tilpassa løping, styrke, korsryggtrening – eller det du treng for at kroppen skal fungere best mogleg.

Perfekt for deg som
• kome i gang etter vinteren
• førebyggje skadar• bli sterkare og meir effektiv i treninga
• få betre støtte og styrke i rygg og korsrygg

💰 Pris: 980 kr

Ta kontakt for time – me hjelper deg i gang med ein god start på treningsvåren! 💪

Send oss mail på: [email protected] eller send oss ei melding: 99493001😄

Svimmelheit – når verda kjennest ustøOpplever du at det snurrar, gyngar eller at du føler deg utrygg på beina? Svimmelhe...
17/02/2026

Svimmelheit – når verda kjennest ustø
Opplever du at det snurrar, gyngar eller at du føler deg utrygg på beina? Svimmelheit er ei vanleg plage, og mange blir både uroa og frustrerte når det står på.

Svimmelheit kan ha fleire årsaker. Nokre av dei vanlegaste er:
🔹 Krystallsykje (BPPV) – små krystallar i balanseorganet i det indre øyret kjem ut av posisjon
🔹 Nakkespenningar og låsningar i øvre del av nakken
🔹 Stress og muskelspenningar
🔹 Etterverknad av virus eller infeksjon
🔹 Migrene

Kva har nakken med svimmelheit å gjere?
Nakken spelar ei viktig rolle i balansen vår. Ledd, musklar og nerver i øvre del av nakken sender konstant informasjon til hjernen om hovudstilling og rørsle. Dersom denne informasjonen blir forstyrra – til dømes på grunn av stivheit, smerter eller redusert funksjon – kan det bidra til svimmelheitskjensle.

Dette blir ofte kalla cervikogen svimmelheit.

Korleis kan me hjelpe?
Hos oss får du:
✔️ Grundig undersøking for å kartleggje årsaka
✔️ Vurdering av nakke, balanse og bevegelsesmønster
✔️ Tilpassa behandling og øvingar
✔️ Råd om kva du sjølv kan gjere for å betre situasjonen
Ved mistanke om krystallsykje kan me som kiropraktorer utføre spesifikke testar og behandlingsmanøvrar.

Når bør du søkje hjelp raskt?
Ta kontakt med lege med ein gong dersom svimmelheita kjem saman med:
– Sterk hovudverk du ikkje har hatt før
– Lammingar eller nummenheit
– Talevanskar
– Brystsmerter eller besviming
Dette kan vere teikn på alvorlege tilstandar som krev akutt vurdering.

💬 Har du spørsmål om svimmelheit eller lurer på om me kan hjelpe deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

❄️God vinterferie! ❄️Hugs å ta vare på kroppen i ferien – både for å slappe av og for å få energi til aktiviteter. Både ...
14/02/2026

❄️God vinterferie! ❄️

Hugs å ta vare på kroppen i ferien – både for å slappe av og for å få energi til aktiviteter. Både kiropraktor Pål og Hilde har nokre ledige timer om du trenger ein behandling i ferien! 😁

For timebestilling:
☎️ 99 49 30 01
Online booking: https://timebestilling.aspit.no/ #/p4208/main

Stive og ømme musklar?Tørrnåler (dry needling) kan vere ein effektiv del av behandlinga vår💪Som kiropraktor nyttar me tø...
10/02/2026

Stive og ømme musklar?
Tørrnåler (dry needling) kan vere ein effektiv del av behandlinga vår💪

Som kiropraktor nyttar me tørrnåler for å arbeide direkte med muskelspenningar og triggerpunkt. Behandlinga blir ofte kombinert med anna manuell behandling og øvingar, og blir tilpassa kvar enkelt pasient.

Nysgjerrig på om dette kan hjelpe deg? Send oss ei melding eller bestill time her: 📩

https://timebestilling.aspit.no/ #/p4208/main

Adresse

Voss

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lindseth Kiropraktikk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lindseth Kiropraktikk:

Del