29/07/2026
FRISKLIVSTRENING🏃🏼♀️
Me planlegg for oppstart av neste treningsgruppe til hausten. Treninga føregår måndagar og onsdagar kl. 10 i 12 veker, og me varierer mellom trening inne og ute.
Tilbodet er meint for dei som treng støtte til å endra levevaner. Eksempel på problemstillingar kan være risiko for - eller allereie utvikla overvekt, høgt blodtrykk, diabetes, høgt kolesterol, milde og moderate psykiske utfordringar som depresjon og angst, hjartesjukdom (bør vera avklart med lege), eller muskel og skjelettplager.
Kriterier:
- Du har behov - og er motivert eller kan lett la deg motivera for å gjera ei helsemessig endring.
- Du er mellom 18-70 år.
- Du har sjølvstendig gangfunksjon og klarar å bevege deg i terreng.
Du vil også få tilbod om helsesamtale i forkant av oppstart.
Me har dessverre ikkje moglegheit til å rekvirere pasientreiser til denne treninga, så du må kunne komme deg til/frå sjølv.
📧 Ta kontakt på E-post ved interesse: [email protected].