Helseveileder Ingeborg T. Nupen

Helseveileder Ingeborg T. Nupen 💙 Sertifisert Helseveileder ABEL Health

21/04/2026

Føler du deg bra ferdig med «quick fixes» som ikkje fungerer?✨ Du fortjener eit kosthald som spelar på lag med din kvardag og kropp. La oss finne ditt «kvifor» og skape gode helsedrivarar og matglede som varer. 🌿

Klar for ein mjukare start? Eller for noko som tek over for diett-køyret ditt?

🍎 Send meg ein eple-emoji i DM!
🔗 Eller book 15 minutt gratis «helsepå-prat» via lenke i bio.

16/04/2026

🤯Vektkaos eller forståelse?

Eg ser INGEN GRUNN til at du skal gå på baderomsvekta dagleg eller hyppig. Det er så ufatteleg mange faktorar, hormonar og levevanar som påvirkar ditt kg vekttal frå dag til dag, at viss du skal la vekttalet ditt styre di åtferd vidare i dagen din…ja nei; eg skjønar godt at helse og kropp kan bli vanskeleg. Og viss vekta di har bevegd seg anten opp eller ned, eller den viser same vekttal, kva er det eigentleg som har endra seg i deg? Og kva skal du justere annleis etterpå?

Rydd opp i når du brukar baderomsvekta, eller bruk andre måleeiningar som forteller og gir deg ei tilbakemelding om din eventuelle progresjon. Dette kan vere bukselinningen, ein topp eller finkjolen eller dressen som du vil føle deg meir vel i i juli. Det kan også/ eller vere å måle hofte-midje-ratio, eller møte opp til ei kroppsanalyse i ein bestemt frekvens. Så kan baderomsvekta berre vere baderomsvekt. Kanskje du kan be ein annan om å plassere den langt vekk, eller kvitte dåkke med den..?

Dette om kroppsvekt og valg kan verkeleg gå til hovudet på deg. Det kan du med rette unne deg å rydde bort ❤️

Når du og eg gjer ei kroppsanalyse i ein bestemt frekvens som du og eg blir samde om, så vil du få ei klarare forståing av dei endringane som skjer inne i kroppen din. Vi vil også snakke om tiltaka og mikrohandlingane som vi bestemte sist gang; om korleis du har hatt det, korleis har livet vore siste tid, kva du har meistra eller ikkje meistra. Og kvifor du ikkje har fått det til, gjennomført. Med dette så vil du få ei djupare forståing av di kroppsvektsendring og helsereise💙 Eg erfarer i møte med kundane mine ei

• mindre stressbelastning
• sterkare forståing mellom (fråvær av) handling og tala
• sterkare engasjement og eigarskap til dine mikrohandlingar
• oftare meistring

~ ei helse i positiv utvikling 💙

Kom innom meg til kroppsanalyse, og få forståing for tala dine og ei sterkare meistring og indre motivasjon. 275,-/ 550,- for 15/ 30 minutt.

Send 📲melding for avtale eller gå til link i bio🔗

13/04/2026

💙Desse verdiane

får kvar enkelt kunde oppleve. Frå mi side til deg, og frå deg til meg. Dette er gjensidige verdiar 🌱

Digital helseveiledning fungerer ufatteleg godt. Eg får desse tilbakemeldingane dagleg og kvar einaste veke🙏🏼 Du og eg når kvarandre akkurat der du er. Om du er sjukmeldt og heime, ufør, på kontoret på jobb, i pausen utafor høgskulen, når du er på hytta eller i sydlegare strøk.

Ingen av mine kundar får lov til å ta fri eller ferie frå helsa si. Det er den einaste peikefingeren eg har. Vi tilpassar vanar etter behov og miljø. Og akkurat her er eg i skriftleg dialog med kunde som er på ferie 🫶🏼

Sjekk ut 🔗 i bio for når du kan få deg ditt første vesle, og viktige møte med meg 💙

12/04/2026

👋Kom og bli med!!

Dette er timen for deg som ikkje trener styrke no, men også for deg som har trent før eller trener litt. Eg har alternativ til øvelsar, og tilpassar til deg. Det er aldri for seint å kome i sving, og du har SÅ mykje å vinne! Og så er det mykje kjekkare å gjere denne viktige oppgåva i fellesskap!!💙

I gruppetimen «Funksjonell Senior» trener du i trygge rammer for di kvardagsstyrke, balanse, mobilitet og rørsleglede!

Send meg melding på IG, FB eller via 📍heimesida mi for gruppetrening i ABEL ( https://gruppetrening.abelhelse.no/ingeborg-tusvik-nupen/ )

12/04/2026

🧇🌱DET kan vi like! ⬇️

Til sånn omtrent 10-12 stk vafler så trenger du:

4 egg
4 ss sukrin
3 dl rømme
1 dl mandelmjøl (kvern mandlar til mjøl i blenderen din!)
2 ss fiberhusk
1 ts bakepulver
1 klype salt
1 klype kardemomme (anbefalast!)

Først so vispar du ihop egg og sukrin, og so køyre du på med resten. Gi røra di litt slack på tid, sånn at fiberhusken får muligheit til å binde saman røra di. Her er ikkje gluten, veit du 😉 Btw, gluten er ikkje forbidden- det er berre at her er det ikkje mjøl i.

Og pst; viss du syns at røra trenger etter kvarteret ørlite meir flyt, so legge du til ein klunk kefir.

Du kjenner til ditt vaffeljarn og kor mykje smørning 🧈 det trenger i mellom steikjerundene.

So er det berre å legge til, kanskje som eg gjorde; cottage cheese og bringebærsyltetøy og kose deg glugg med måltidet ditt!! For JA, dette kan absolutt vere eit måltid. Og viss du har ei mens steikinga pågår, so kva meir, liksom?😂2-3 vaffelplater held deg truleg mett nokre timar ⏳🕟 Akkurat som det skal vere!

Nyt matpausa di🧇☀️ og trykk på ❤️ viss du skal steikje vafler i dag - eller på ein tysdag eller torsdag!😀🤩👍

SøndagskLeM til verden frå Nupsi🫶🏼
Takk for inspo, dr. Fedon Lindberg.

09/04/2026

Ei SMART tid!🌱☀️

Våren er ei nydeleg tid for deg å gjere noko med di vaneendring og helsereise. Du får masse medvind og styrke frå sola, temperaturen, vårfuglane, blomane ~ og så meg då 😉

Kvifor bruke mange titusen på ei helsereise sør på kloda som varer ei veke, når du og eg kan vere i ei helsereise tilpassa deg, i dine rammer og premisser, med kontinuitet?

Eg har 2️⃣ ledige timar for oppstart neste veke digital helseveiledning (veke 16). Send dm om DU trenger DIN plass inn i helsereise-oppstart ☀️☀️ Og er du lokalt, så kom fysisk og få ein kaffi attpå☕️

08/04/2026

For det er jo ein gong slik:

DU er den dama eller mannen som påvirkar helsa di og kroppen din. Alt i frå topp til tå. Nemleg korleis du tek i mot beskjedar eller meiningar, påstandar frå andre personar rundt deg, korleis du tolkar sosiale media og dei faktiske valga du tek i dag av mat, drikke, snacks, bevegelse, trim, trening, pauser og så vidare. For alt dette påvirkar deg heilt inn på cellehelsa ❣️

Harde fakta, og gamalt nytt 🫣🫶🏼

Berre fordi eg vil DEG alt godt, og at du opplever kvardagslivet litt lettare i dag og i morgon 🧡🫶🏼

🙋‍♀️Blir du med oss?Her er nokre få ledige faste plassar til og med juni ☀️💪🎶😅💦 Vi trener styrke kvar måndag og onsdag k...
06/04/2026

🙋‍♀️Blir du med oss?

Her er nokre få ledige faste plassar til og med juni ☀️💪🎶😅💦 Vi trener styrke kvar måndag og onsdag klokka 18-19. Du kan vere med éin dag i veka eller begge. Lokalet er i 2. etg Vikegata 31, der eg også har kontoret mitt.

❣️Styrketrening er ikkje noko kroppen din vil at du skal vente eller utsetje med å gi den. Og for oss damer; Styrketrening er KNALLVIKTIG for helsa vår 40+!!

Send meg dm for å få din gratis prøvetime🙋‍♀️

Eg 🤝lovar deg:
Treningseffekt
Meistringsgaranti
Sosial faktor
Trygg trening
Smil
Sveittedråpar
Drivande musikk

…og kanskje øøørlite gangsperre som går over når du har gitt kroppen din nokre økter 🧡

Ps! Visste du at eg kan følge deg opp på små vaneendringar utanom, inne i ABEL-appen som vi har? Det som du forteller meg at du vil (eller kroppen din skriker at den trenger😅) øve på, det blir berre mellom deg og meg. Dette er inkludert i månedsprisen😉 og frivilleg for deg å benytte deg av🪷

Så, når kjem du og blir med oss??🫶🏼🎶🙋‍♀️💪💦

05/04/2026

Kva er det som styrer deg?

Er du nemleg fysisk betinga svolten, eller berre emosjonell?

Søtsug kjem gjerne akutt. Nesten like kjapt som å knipse med fingrane. Det er gjerne knytt opp til ei form for stress eller uro. Du har noko ubehageleg inne i deg. Ubehaget kan dreie seg om ei situasjon du kjenner igjen som vanskeleg, eller personar du skal møte. Du kan vere nervøs, oppgitt, lei, trist, frustrert, kjenne på nederlag, sinne, einsemd, trøytt eller å kjede deg. Det er altså ei kjensle som ligg i botnen i magen din, i hjertet eller i halsen. Det fins ikkje komfortabelt. Hjerna di jaktar altså ikkje på næring, men på ein dopamin-respons.

Så nei. Du skal ikkje alltid lystre etter stemma. Du skal ikkje alltid la kjensla bestemme at du skal ete eller drikke, for då trener du opp hjerna til å tru at eit ubehag •må• løysast med sukker eller mat.

Meistre betre å styre deg sjølv. Verne om di metabolske helse. Øve deg på å ta logiske valg framfor primitive impulsar. Kjenn at du har verktøy. God eller betre impulskontroll reduserer belastninga på helsevesenet og gjer deg til eit meir robust menneske med færre livsstilsplager eller -sjukdom.

Ikkje minst styrkjer du di glede og forventning om det neste måltidet med pause og god ernæring.

Trenger du ein helsesamtale?💙 Dette kan eg hjelpe deg med og om. Skriv SAMTALE i kommentar eller melding, så høyrer du i frå meg. Styrkeklem frå Ingeborg🧡

⬇️Slik går du fram:1. Lik innlegget2. Tag 1-3 personar som du veit at sterkt trenger og VIL kome inn i vaneendring, mest...
04/04/2026

⬇️Slik går du fram:

1. Lik innlegget
2. Tag 1-3 personar som du veit at sterkt trenger og VIL kome inn i vaneendring, mestre kvardagen, og som ønsker digital oppfølging for å ikkje falle i frå etter 2 månadar.

Du kan vinne flotte fritids- eller treningsklede frå ABEL. 🐣 💛Men det beste er gjerne at du kansje blir den personen som gir ein person ein etterlengta dytt bak til å kome i gong?

Adresse

Ørsta

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4799255003

Nettsted

https://gruppetrening.abelhelse.no/ingeborg-tusvik-nupen/

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helseveileder Ingeborg T. Nupen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Helseveileder Ingeborg T. Nupen:

Del