28/05/2026
Ørsta kommune er i ein omstillingsprosess der eit av resultata er at helsestasjonen skal redusere merkantil ressurs frå 100% til 50%.
Elisabeth som har møtt dokke i «luka» kvar gong de har vore på helsestasjonen - skal på nye jobbeventyr, og vi ynskjer henne lykke til!
Redusert ressurs gir redusert opningstid.
Det vil ta ei stund før ny merkantil er på plass.
Frå 1. juni til 14.august vil resepsjon og telefon vere open slik:
Måndag 08.00-12.00
Tysdag 08.00-12.00
Onsdag - stengt
Torsdag 08.00-12.00
Fredag - stengt
Vi ber om at de som treng kontakt med oss i større grad nyttar helsenorge. Her kan du både avbestille og endre timar, i tillegg til å spørre spørsmål.
Takk for hjelpa😊