Balanz Ørsta

Balanz Ørsta Balanz Ørsta vart oppstarta 3 nov. 2005. Balanz ørsta drives av
Ann Elise Overå. Tilbyr :
Muskelterapi . Meditasjon /Mindfullness kurs.

Muskelterapeut
Mental Trener/Helsecoach
NLP Coach
Mindfulness lærer og kurshaldar Behandlingsformen består av en kombinasjon av aktiv/passiv streching, overflatisk og dyptgående behandling av muskler og sener som feks. bindvevsbehandling, kopping, triggerpunktsbehandling, muskelpressur samt massasje. Muskelterapi kan med stor suksess kombineres med mange andre behandlingsformer. til mindre grupper eller enkelt personer. Helsecoaching

Til mindre grupper og enkeltpersoner.

06/05/2026

Balanz Ørsta held stengt fra 6-15/5
Det er mulig å få akupunktur behandling i den perioden🌸

HAR DU LEDERROLLA I DITT LIV?Er du eit ja-menneske som tek meir hensyn til dei rundt deg enn deg sjølv?Er du pliktoppfyl...
03/04/2026

HAR DU LEDERROLLA I DITT LIV?

Er du eit ja-menneske som tek meir hensyn til dei rundt deg enn deg sjølv?

Er du pliktoppfyllande, og gjer tenester som andre ber deg om, sjølv om du eigentleg hadde andre gjeremål akkurat då?

Stoler du meir på andre sine kunnskap og ferdigheiter, og følger deira råd, sjølv om ditt indre kompass seier noko anna?

Vi lever i eit samfunn som framsnakkar effektivitet, og å være pliktoppfyllande, og der resultat blir ein del av eins identitet. Eit samfunn der alle krav gjer at fokuset på mennesket fort dett vekk. For det å ta hensyn til eigne helsemessige behov er lett å oversjå når du har fokuset på å levere andre sitt sluttprodukt .Det er ikkje det at varselsignala i kropp og sinn ikkje er der. Dei har du kjent på ei stund i form av muskelsmerter, hovudverk eller energisvikt i kroppen. Dette er signal som blir bagatellisert eller oversett med ein indre dialog om at «alle andre» får det til, eller «eg burde klare». Då vært ord som : Eigenverd, sjølvomsorg og sjølvrespekt som framandord å rekne .

Heilt frå barnsbein av vart vi fortalt kva vi skulle tenke og tru om oss sjølv og samfunnet. Familien rundt oss og måten dei kommuniserte på, til kvarandre og til oss barn, vart ein blåkopi i vårt barnesinn. Som vandrande svampar, saug vi til oss alt av inntrykk som tankar, overbevisningar, vanar, frykt og glede, utan at det vart stilt eit einaste kritisk spørsmål. Vi tok med oss ein illusjon inn i vaksenlivet som sa at vi styrer liva våre sjølve og etter eige ønske. Men istadenfor var det vårt nedarva levemønster som styrte oss. Det forma korleis vi tenker om oss sjølve, det å løyse utfordringar og forventningar.

Vi starta å ta val basert på det vi trur vi kan, og ikkje det vi faktisk kan. Vi tek val basert på kven vi trur vi er og ikkje den vi faktisk er. Vi tek val på grunnlag av kva andre har fortalt oss at vi skal gjere, og ikkje alltid val som er i tråd med våre verdiar. Vi vel studie og jobb etter det vi trur er til det beste for oss, og ikkje alltid det vi eigentleg har lyst til. Vi vel å tileigne oss meiningar og overbevisningar som passar samfunnet, og vel å forstumme våre eigne synspunkt.

Å være sjef i eige liv er 80% internt arbeid, med bevisstgjering av gamle mønster og overbevisningar, og 20% handling gjennom nye overbevisningar, og eit nytt livsmønster. Første utfordring er ofte frykt-illusjonen. Frykt for å stå opp for oss sjølv, og for å ikkje bli akseptert for den ein er. Det er frykt for å ikkje være god nok, og for å ha feil meiningar eller gjer noko feil. Frykt til å møte seg sjølv. Det gjer at ein peiker på ytre årsaker til egen situasjon og forblir passiv i eige liv, og ein ansvarsfraskrivelse oppstår. Andre prøver å forandre det ytre miljøet for å få det bra med seg sjølv, og gløymer dei 80% med internt arbeid. Det blir som å gå med dei same utslitte skoa utan å forstå kvifor du frys på beina. Du kan ikkje kontrollere dei eksterne situasjonane og menneska som er rundt deg, men du har kontroll over dine reaksjonar, og korleis du tolkar situasjonane som oppstår. Du kan enten ta passasjersete i eige liv, eller snu tankegangen og være bevisst på kva du vil og ta kontrollen sjølv.

Vårt sinn konstruerer og tolkar alt vi sansar. Korleis ein føler det inni seg og korleis det faktisk er, er ofte to forskjellige ting. Så tillat deg å stille kritiske spørsmål mot dine tankar, og svar ærleg. Er du villig til å gi deg same omsorg og gode råd som du gir andre ? Kva stopper deg ? Kva ferdigheiter har du som kan hjelpe deg på veien vidare ? Vi mennesker har så mykje meir å gå på av ressursar og val enn vi trur, berre vi tillet oss å sjå potensiale som bur i oss.

Livet er ikkje noko som berre skjer deg. Det er noko du er ein del av, uansett om du aktivt eller passivt deltek, bevisst eller ubevisst. Så, kor mykje tilpassar du deg andre, og kvar i rekka ligg din eigenomsorg og eigenverdi?

Kva gjer du når kropp og sinn har jobba på overtid for å balansere og tilpasse seg livet du lever, og hjartet har ropt frå øvste fjelltopp om at du må stoppe opp og lytte innover? Kva gjer du når sinnet er så utkøyrt av å tilpasse seg andre, og tankekaoset er totalt? Kva nye tilpassingar gjer du då, og til hensyn for kven?

Å bli sjef i eige liv er ein kunst! Det er ei nødvendigheit for at DU sjølv skal vite at ditt liv blir styrt med dei beste intensjonane. Slik at ditt liv blir styrt med kjærligheit og glede som styrker din egenverdi og din indre sjølfølelse.

Så mitt spørsmål blir: Har du søkt på leiarstillinga i ditt liv og fått den, eller er det andre som har tatt den for deg?

https://www.balanzorsta.no/har-du-lederrolla-i-ditt-liv/

Treng du hjelp til å ta di lederrolle i ditt liv?
Hos meg kan du få NLP HelseCoaching og få hjelp til sjølhjelp🍀

Eit spørsmål som eg får jamnt er « Kven går du til då ,når du treng hjelp med musklane dine»? Jau , er går til akupunktu...
25/02/2026

Eit spørsmål som eg får jamnt er « Kven går du til då ,når du treng hjelp med musklane dine»? Jau , er går til akupunktur svar eg.
For eg er så heldig å ha akupunktør hos meg på Balanz .Tanja er dreven i yrke med lang fartstid .Og fleksibel når det gjeld timebestilling og dagar som kundane vil ha.

Sjølv om eg og andre brukar nåler i vår behandling,så er ikkje det akupunktur,men triggerpunktsbehandling .
Ei stor forskjell fra akupunktur som har ein annen innfallsvinkel og ei mykje større behandlings felt når det gjeld nåler. Dette er noko eg prøver å forklare til mine kundar, for dette er ei behandlingsform eg varmt kan anbefale.
Og berre for sikkerhets skyld,ja ,det hjelp på muskel og skjelett plager også 😉

Så kva veit du om akupunktur? For behandling med nåler er så mykje meir enn det?

Under kan du lese litt om behandlingsforma og kva det kan hjelpe på.

Kva er Akupunktur ?

Tradisjonell kinesisk akupunktur er ein gamal diagnostikk -og behandlingsmetode som har blitt nytta i Østen i fleire tusen år. Det er ein trygg og effektiv behandlingsteknikk og eit godt supplement og alternativ til vestleg medisin. Gjennom samtale og bl.a tunge- og pulsdiagnostikk kjem akupunktøren fram til behandling som er tilpassa kvar enkelt. Sjølve behandlingsforma blir utført ved bruk av tynne nåler på utvalde punkt, som då stimulerer kroppen sine energibaner med den hensikt å ivareta/ gjenopprette balansen i kroppen. I akupunkturfaget har ein fokus på ei heilheitleg forståing av korleis det fysiske, emosjonelle, mentale og psykiske i menneskekroppen gjensidig påverkar kvarandre. Dersom det oppstår ubalanse i kroppen sitt energisystem , kan det skape forstyrringar som kan forårsake smerter og sjukdomstilstandar – akutte så vel som kroniske.

Vanlege behandlingsområde: Hovudverk/migrene, Allergi, Biholebetennelse – akutt/kronisk. Muskel- og skjelettplager /smertetilstandar Stressplager Søvnvanskar Menstruasjonssmerter/-problematikk, Plager ifbm overgangsalder, Svangerskapskvalme, Modningsakupunktur før fødsel/igongsetjing av fødsel Ufrivilleg barnløyse Mage-tarmproblematikk Nevropati Smertetilstandar UVI, ME, med meir,…

På Balanz Ørsta blir du møtt av ei blid og hyggelig dame som heiter Tanja . Med snart 20 års erfaring i eigen klinikk (starta i januar i 2004) , er ho ein svært rutinert og erfaren akupunktør og gjer behandlinga til ei trygg og avslappande oppleving for deg. Det å sjå kvar enkelt og lytte til det du har å fortelje er viktig for henne før ho tilretteleggjer ei individuell behandling ut ifrå det du har formidla.

Sjukdomsmønster / grad av plager er unikt for kvart enkelt individ. Det personlege behandlingsopplegget består av at tynne nåler blir plassert i spesifikke akupunkturpunkt. I tillegg kan ein nytte elektroder på nålene 😊 elektroakupunktur), som bidreg til å forsterke akupunkturnålene sin effekt. Akupunktør Tanja tilbyr òg kopping/koppemassasje, som aukar sirkulasjon i muskulatur og bindevev. Både akupunktur og kopping er sirkulasjonsfremjande, avstressande og energigjevande og det er difor også mange som oppsøkjer klinikken for forebyggjande behandling og velvære ; ein treng ikkje å vente til ein blir sjuk for å nytte tradisjonell kinesisk medisin – å førebyggje er alltid enklare enn å behandle. Å ha ei innstilling om at forebyggjande behandling er ei god investering i eiga helse er alltid greit å ha og det kan spare deg for mykje unødvendige smerter og plager.

Tanja lager også heilt reine såper med eteriske oljer som ein kan få kjøpt på Klinikken eller ved å kontakte ho.
🍀🌸
Ønsker du å bestille ein time kan du gjere det her via messenger ,eller kontaktskjema på Balanz Ørsta si nettside.

Er dine valg basert på valg du tar eller valg livet ditt tar? Får du den framgangen og endringa du vil ha basert på dine...
20/02/2026

Er dine valg basert på valg du tar eller valg livet ditt tar?
Får du den framgangen og endringa du vil ha basert på dine valg?

Brått og uventa ,eller gradvis og planlagt. Ja ,slik blir ei endring i livet definert dersom ein tek eit søk på Google. Det være seg helseendringar , endringar i relasjon , endringar som vi planlegg eller som dukkar opp medan vi er opptatt med å leve livet innanfor våre etablerte og trygge soner.

Opptatt med å ta valg som gir oss resultata vi anser som nødvendig for å kome i mål med kvardagen, jobben og krava .
Valg som styrer oss og held oss i den kvardagen og jobben vi har i dag.
Valg som ikkje alltid er til det beste for oss sjølve , men tatt med eit » burde». og eit «må « Valg som blir tatt ubevisst,med følgjer det gir.

Alle desse valga utgjer sjølve livet, og er ikkje alltid like enkelt å vite om ein styrer valga sine sjølv eller om valga blir styrt av frykt,gamle mønster eller eksterne kilder.

Der eit ønske om forandring i kvardagen og livet ,fell på dine skuldrer,dine valg og bevisstheit om det faktisk blir ein realitet i ditt liv.

For ei endring skjer når du velg å løyse utfordringane på ein annan måte.

Ei endring skjer når du velg å sjå på dine fryktar fra hjerte, istadenfor springe fra dei med sinnet.

Ei endring skjer når du velg å startar dagen med å tru på at ditt liv kan bli endra og du har styrka til å gjere det.

Ei endring skjer når du velg fysisk og mental næring som kroppen treng istadenfor kva du har lyst på.

Ei endring skjer nå du velg å stoppe opp og lytter til kva kropp og sinn faktisk fortelle deg , i stadenfor å fortelje den.

Ei endring skjer når du velg å sjå på di ytre komfortsone som ei trampoline til ny vekst

Ei endring skjer når du velg nye tankar og nytt fokus.

Ei endring skjer når du er bevisst ditt utgangspunkt her og no ,med fokus på ditt mål.

Ei endring skjer når du er villig til å oppgradere dine overbevisningar, og livsmønster med nye.

Ei endring skjer når du velg eit nytt perspektiv på livet og deg sjølv.

Ei endring skjer når du velg å sjå på di fortid som noko som var og ikkje noko som er.

Ei endring skjer når du velg deg ,dine verdiar og det som faktisk betyr noko for deg .

Ei endring skjer når du velg indre ro istadenfor eksternt fokus.

Ei endring skjer når du velg følelsar som løfter deg opp og fyller deg med mestring og inspirasjon

Ei endring skjer når du velg tilliten og trua på at du kan endre livet akkurat slik Du vil ha det og gjer drøm til handling.

Ei endring skjer når du velg å ta jobben som ligg i ein endringsprosess fordi du veit den vil gi deg så mykje meir enn viss du ikkje gjer det.

For ei endring blir til når du velg villigheit til å gjere hindringar om til utfordringar, utfordringar til nye erfaringar, nye erfaringar til ny kunnskap ,ny kunnskap til ny praksis,ny praksis til nytt fokus ,nytt fokus til nye rammer, nye rammer gir nye tankar, følelser ,handlingar og det vil føre til nye valg og ein ny kvardag.🍀🌞🌸

Pusten er ein stor del av vår endringsprosess.Den påvirker oss både fysisk og mentalt. Ein overflatisk pust gir stramme ...
03/02/2026

Pusten er ein stor del av vår endringsprosess.Den påvirker oss både fysisk og mentalt. Ein overflatisk pust gir stramme musklar,ein kjeve som knyter seg og pusten blir raskere. Gjennom min endringsprosess står pusten i høgsete og eit naturlig valg vart sang for å få stemma og pusten på rett kjøl.
Så i fjor sommer vart det sangkurs på meg,🌞🎶

«Slapp heilt av, pust og kjenn at du har støtta på. Sjå på meg så gløymer du at det er andre til stades». Med andre meiner ho resten av deltagarane som då er publikum. Eg står ved pianoet og ser på sanglæraren min, det er ein varm sommardag i juli. Plassen er Ranheim, og eg er på sommarkurs i song. »Så synger du My Bonnie.… 1,…. 2,…. 3,… » musikken kjem trillande ut frå tangentane, eg opnar opp munnen for å synge. Ut kjem ein rar, kvesande, svak lyd som minner om ein halvkvalt kattunge. Musikken stopper opp «vi tar det frå begynnelsen igjen», høyrer eg songlærar og pedagog Liv Stoveland seier. Musikken startar, eg prøver med ny giv, opnar opp munnen…, på nytt kjem denne anstrengde skviste lyden ut av munnen min. Musikken stopper på nytt. «Kanskje vi skal ta litt meir oppvarming « seier Liv oppmuntrande. «Prøv å opne opp meir i brystet, slapp av i kjeven«. Eg pustar inn, tenker i mitt stille sinn at eg er her for å lære, opnar munnen og slepp lyden ut. Det får breste eller bære.

Det er godt over eit år sidan kroppen min sa stopp, og diafragma med hals snurpa seg, slik både pust og stemme forsvann nesten heilt. Godt over halvåret siden eg meldte meg på songkurs som eit ledd i opptrening av stemme og diafragma.
Tilbod om eit todagars kurs i Trondheim virka som ein god ide. Eg såg på det som eit nytt hopp utanfor komfortsona, der eg, pusten og stemma kunne få hjelp til å vekse.

At sangtrening kunne være nyttig for pust, hadde ikkje streifa meg før kroppen stoppa opp, og eg gjorde eit mislykka songforsøk i bilen, som på ny utløyste ei sammansnøring i halsen. Stemmebanda mine var satt ut av spel, og proffesjonell hjelp var ei nødvendigheit. Hjelpa kom i form av ei annonse med tittel Sanghjelpen, med eit tilbod om hjelp med stemma. Universet hadde høyrt meg, og eg takka ja.
Så var eg i gang.
Frå då av vart eg kjent med begrep som hodeklang, brystklang, fonasjonsrør og flaske, støtte, ganeløft, og stemmeregister. At song er mykje teknikk, rett pust og mykje trening, har eg fått erfart dette siste året. Har du ikkje pust har du ingen tone, opnar du ikkje opp i brystet, tør å sleppe stemmen fram, vil ein knyte seg slik både bringe, hals og kjeve strammer seg. Lyden uteblir, og èin svak pipelyd kjem i staden. Det har eg også erfart.
Med ubalanse i pustemønsteret, og eit diafragma som vart stivt og svakt, gav det ringvirkningar til resten av kroppen i form av muskelspenningar i skuldre, nakke og hovud, og ikkje minst til stemma mi som gav meg hostekuler dersom eg anstrengte meg litt, takka være stramme stemmeband.

STEMMA, EIT VIKTIG FORMIDLINGSVERKTY

Vi er avhengig av pusten for å lagar lyd. Det gir oss muligheita til å snakke og synge. Diafragma bør være i god funksjon, både på inn- og utpust. Kort fortalt blir då lufta pressa opp til stemmebanda i strupen, og vibrasjonane som då skjer gir lyden. Lyden blir igjen forma og forsterka i munnhola og nasehola. Krafta og kontrollen på stemma blir styrt av mellomgolvet og dei djupe bukmusklane. Berre tenk når du skal rope høgt. Ein kan då kjenne krafta ein samlar langt nede i magen før lyden kjem ut munnen. Klangen på lyden vi vil ha blir forma av kjeve og tunga vår bl.a.

Dårlig pustemønster gir stramheit i musklane som trengst for at stemma skal få lyd. Som stramme stemmeband (stemmebanddysfunksjon) som gir hoste og tettheit i halsen, og ein kan då oppleve pustevanskar ved fysisk aktivitet, åndenød og piping frå lungene. Dette kan kome av overbruk av stemmebanda, irritasjon, og stress som var mitt tilfelle.

Mitt turningpoint kom med kurset, og etter den dagen har eg prøvd etter beste evne å slappe av i kjeven. Eg har rekt tunge hit og dit for å få gjere plass til lyden bak i munnen. Eg har undra meg på kvar eg finn støtta som tydligvis skal befinne seg i diafragma og bukmusklaturen. Eg har pusta som ein stor hund og liten hund, medan kattane har sett forskrekka på meg. Prøvde meg på høge tonar, men då sprang kattane ut. For er ikkje teknikken inne så blir lyden så som så. Mi unnskyldning har vore svake og spente musklar i mellomgolvet, og at lyden ville liksom ikkje ut.

Men så er det slik med trening, at øver ein jamt og trutt så løsner det litt etter litt, så også i mitt tilfelle. Stemma kjem seg meir og meir, og det gjer songen også. Teknikkane har blitt forstått på ein betre måte, og støtta i bukmusklaturen og diafragma er funnen. No ligg katten i ro under mine sangøvelser. Ei forbetring der også altså.

«Slapp av i kjeven, pass på att skuldrane er nede og at tunga ligg ned og fram mot tennene». Eg er tilbake på kurset, og stemma til Liv strømmer denne gongen ut frå min PC. Det er morgon og eg er klar til ei ny sangøving. Det har gått nokre månadar sidan eg var i Trondheim. Som flittig elev har eg øvd og finslipt på opning i brystkassa, og øvd på å la pust og lyd få strømme uanstrengt ut gjennom munnen.
»Du kan sitte eller stå, men skal du sitte, sitt litt fram på stolen slik du får rett rygg», seier Liv. Eg retter opp ryggen, litt opp med haka, pustar inn så mellomgolvet fylles med luft. Støtta er på plass så godt det let seg gjere…så er eg i gang ….

Dagens NLP føresetnad:
Hvis et menneske kan lære noe,kan et annet gjøre det samme

Har ein lyst ,har ein lov tenker no eg ,ivertfall vedrørende sang.
Ligg song og musikk ditt hjerte nært, så go for it! Vi lærer ved å modellere andre. Og vi lever i dataalderen, så der er alltid ei løysing som er der for deg. Uannsett kva du har lyst til å lære. Stemma er viktig for oss alle, uansett om vi syng eller skal snakke. Den er vår uttryksmåte saman med vårt kroppsspråk.
Vår sanne stemme inneheld våre følelser, tanker, og verdier. Pusten gir den styrke og stødigheit. Men den kan også avsløre usikkerheit, lav sjølvfølelse, eller ord som ikkje støttar vårt kroppsspråk. Det å øve på sang, tale, og det å snakke tydelig med ei god kroppsholdning, gir styrka sjølvfølelse og tryggheit, og dermed ei muligheit til utvikling i å kommuniserer.
La ingen få stoppe dine ønsker og drømmer. Det er du som styrer ditt sinn og dermed dine resultat. Så sørg for at dine tankar og handlingar samhandlar med dine drømmer.

Ei endring i kvardagen og livet ,treng ikkje å være av det store omfanget. Ofte er det dei små stega som fører ein forta...
29/01/2026

Ei endring i kvardagen og livet ,treng ikkje å være av det store omfanget. Ofte er det dei små stega som fører ein fortare fram til den nye kvardagen ein drøymer om.
«Eg skulle ha begynt å trene , men eg kjem meg ikkje i gong» kor mange har ikkje tenk den tanken .Eller «Eg må begynne å spise sunnere» Mitt spørsmål blir då ,kva er grunnen til at du vil starte å trene eller spise sunnere?Er det noko du føler du bør gjere? Har du lyst å gjere det?
Er ønsket ditt så stor at du er villig til å legge fra deg dine gamle vaner som held deg fast?
Årsaka til at du vi ta steget er veldig viktig for gjennomføringsevnen .Og det å ha tenkt over slike ting før ein går i gang er greit for motivasjonen og mestringsfølelsen.
Små steg fram mot ditt ønske,slik du veit at , ja det kan eg få til. Med trening kan f.eks.det være all aktivitet berre det involverer bevegelse av kropp .Noko overkommelig og lystbetont . Gå tur i skogen , dans på stovegolvet , ta litt tøy og bøy før du startar dagen .Vil du føle pulsen slå litt meir finn ein passande bakke å gå opp ned på. Implementer litt meir sunn og reint kost , kutt ut energidrikk , sukker-og kunstigsøtnings drikkevarer .Spis reinare mat.Små steg som vil gi deg gevinster og motivasjon til neste steg .
Du sitt ved rattet og styrer tempoet. Og husk både du og kroppen din vil takke deg for din innsats lenger frame🌸

LYKKAST DU MED DINE LIVSENDRINGAR?Gjennom mitt yrke kjem eg i kontakt med mange mennesker som er i ein livsendringsprose...
26/01/2026

LYKKAST DU MED DINE LIVSENDRINGAR?

Gjennom mitt yrke kjem eg i kontakt med mange mennesker som er i ein livsendringsprosess. Nokon i små og andre i store. Ofte på leit etter nye vanar som vil gi ein bedre livsstil. Det kan være å få ein kropp som spelar på lag, tone ned stress eller at kvardagens utfordringar krev for mykje energi og gledesfølelsen uteblir. Vi mennesker veit ofte kva vi ikkje vil ha i livet når vi kjem i ein endringsprosess. Fokuset fell på det ubehagelige ein har i livet no, og følelsen av å bli sittande fast i eit tankemønster melder seg.

Ein endringsprosess inneheld fleire delar der noko av viktigaste er å vite kva ein vil ha i staden for den situasjonen ein er i no,ein visjon å jobbe fram mot. Der er det veldig mange som blir svar skyldig. For fokuset har vore så inderleg på å kome seg vekk frå det ubehagelege, at visjonen om noko meir ikkje er til stades. For som med alt anna; har ein ikkje definert destinasjonen for reisa, vil ein kun springe i ring utan mål eller meining.

Enkelt forklart inneheld ein livsendringsprosess nokre trinn som må være med for å lykkast:

Først:
Vit at du er villig til å gå heile vegen til mål, uansett utfordringar som VIL dukke opp før du er frame ved din visjon. Og utfordringar vil dukke opp !
Definer utgangspunktet du er i, og bevisstgjer behovet for kvifor du tek endringa du kjenner på. Definer og spesifiser målet. Kva du vil du ha? Er det helsemessig gevinst? Styrke sjølvfølelse? Tørre å være deg sjølv? Eller er det for å endre vanar?
Målet må være så attraktivt beskrive av deg at det har ein større verdi for deg å kome dit, enn å være der du er i utgangspunktet. Visualiser gjerne, og lag eit fargerikt bilde..
Vær villig til å sjå på dine overbevisningar og tankar. Det er dei som har fått deg til ditt noverande utgangspunkt. Skal du over på ein ny livsstil må gamle tankar og overbevisningar vekk. Dette for å gjere plass til nye tankar og nye vanar. Det vil også inkludere dine følelsar om temaet som du tek tak i.

Neste steg:
Når du no veit kva tankar og overbevisningar som må vekk, må du iverksette nye steg som fører deg til målet. Nye tankar, og overbevisningar må inn ,som vil vise deg nye muligheiter og eit større bilde av veien framover .Bli bevisst dine ressursar og ferdigheiter dei er ditt verktøyskrin som hjelper deg til å manøvrere deg på vegen mot ditt mål.
Som f.eks å : Skifte til nytt fokus, bevisstgjering, struktur, kunnskap, dine evner, bruk potensialet i deg.Det handler å lage seg nye handlings rammer med ny synsvinkel på sin situasjon.

Få satt ein handlingsplan: Planlegg små overkomelege delmål som fører til det store. Det tok tid å hamne der du er no, og det vil ta tid for å kome i mål. Derfor små delmål slik at du kan føle meistring og motivasjon ved kvart delmål du når. Små steg er også framover.
Og når noko uforutsett dukkar opp, fokuser på din visjon, motiver og minn deg sjølv på kvifor endringa er så viktig for deg. Husk å vær fleksibel, for ikkje alt er like klart når ein startar på vegen. Det kan hende ein ser at målet skal definerast endå klarare, eller at vegen må justerast.

La nye vanar få tid til å implementerast i den nye endringa. Ha tolmod, glede, nysgjerrigheit på det nye, vis sjølvomsorg og aksepter prosessen du er i.
Vi er sjølve ansvarlige for vår egen helse.

Ofte er det slik at når vi ikkje lenger er i stand til å endre situasjonen vi er i ,blir vi utfordra til å endre oss sjølve.Ta utfordringa,og vær prosessen.

Det er alltid greitt å ha eit nettverk som støtter ein i prosessen .
Føler du at vegen er tung, er det mulig å bestille time innen helsecoaching hos meg der eg hjelper deg på veien.🍀✨

Dagens NLP føresetnad:

Modelleringer av vellykkede presentasjoner fører til dyktighet og suksess.

Ved å fokusere på det som virker får du flere valgmuligheter og strategier som fungerer.

NLP Føresetnaden er henta fra Den store NLP- Boka av Wilhelm Lefevre Grimsgaard

Ein skulle tru at det å puste var ein enkel sak. Men mi reise siste året har vist meg at det er alt anna enn det. For pu...
10/01/2026

Ein skulle tru at det å puste var ein enkel sak. Men mi reise siste året har vist meg at det er alt anna enn det. For pusten blir påverka av alt vi står i av fysiske og mentale påkjenningar.

Tankar, følelsar, gleder ,sorger, ytre som indre stress. Alt vi gjer påverke pusten, og er ikkje pustemønsteret vårt optimalt vil det slå ut på kroppen som ulike varselsignal som utmattelse og smerter, før det rett og slett seier stopp.

For min del trudde eg at pusten var grei og fungerande. At eg var tom for energi jamnt og trutt, vart bortforklart. Sjølv gjeremål i kvardagen forsvann ut av sinnet, og vart avskrive med at det var litt mange ballar i lufta. Eg mediterte jo kvar morgon, og holdt kurs der eg snakka om bevisstgjering av pust, så dette hadde eg under kontroll…trudde eg… Så feil kan ein ta.

For min kropp og pustemusklar var slett ikkje einige i det, og ein flott laurdags morgon sa det stopp. I min iver på å lytte til kroppens signaler om å ta det med ro, tolka eg det som at ein fjelltur er no bra for avkopling.

Ein fjelltur på Sunmøre betyr oppoverbakkar, så etter å ha snigla meg oppover fjellsida som ein bil med motorfeil, sa kroppen plutseleg stopp med eit krampeanfall i mellomgolvet. Resterande pustemusklar og hals snørte seg saman og overlot kun ei lita sugerørsopning for meg til å puste gjennom. Med panikken spøkande i bakhovudet, sto eg der og småsupa luft, medan terapeuten i meg tok den indre dialogen om fokus, roleg utpust og innpust. Ein kunnskap eg er evig takknemleg for, og som hjalp meg tilbake til ein meir normal pust den formiddagen.

Sjukmeldinga kom og med det pause for ettertanke som kroppen hadde ropt om lenge og vel.

Sjukmelding betyr rekonvalisering og ei tid til ettertanke på kva som eigentleg skjedde og årsaka til det.

Kvar på vegen mista eg meg sjølv? Når slo pusten seg over på automatikken og eg miste styringa på den i min kvardag? Kva varselsignal hadde eg fått, men oversett?

Eg hadde latt mitt fokus gå på ytre krav, som igjen gav meg tankekaos og mentalt stress. Det førte til lite indre ro. Tross mine faste meditasjonar kvar morgon der indre ro sto i fokus, varte den kun under meditasjonen før fokuset forsvann over til kvardagens krav og mas.

Som med dei fleste sto kvardagen og jobb ved utgangsdøra å venta. I det meditasjonen var over kom dagens agenda på plass og erstatta den indre roa som var oppnådd. Den rolege pusten blei bytta ut med høgt gir, og stress. Akkurat det som eg hadde prøvd å kome meg vekk frå. Pusten gjekk på repeat, og vart verken høyrt eller forstått, ikkje før den kravde si oppmerksomheit.

Heile hendinga krevde ein total snuoprasjon frå mi side. Tankar og overbevisningar hopa seg opp, og ein stor indre kamp starta mellom meg og mitt ego. Pusten hadde satt meg i sjakkmatt, og uansett mine prøvelsar med å ta kontrollen, trua den med eit nytt pusteanfall dersom eg ikkje lytta til det kroppen trengde, nemleg kvile. Nøkkelordet var samarbeid med pust og kropp.

Lite viste eg då at vegen tilbake skulle innebære songtimar, breathwork, mobilitetsøvelsar, buk-og hypopressiv trening, samt mental trening som då inkluderte NLP Coaching (Nervo Lingvistisk Programmering/Psykologi)




«DERSOM DET DU GJER IKKJE VIRKAR, GJER NOKO ANNA»

Eit av dei mange gode forutsetningsprinsippa eg lærde i mi utdanning som NLP coach

Prinsippet handlar om å skifte fokus, være løysningsorientert og ta i bruk ressursane som trengst for å kome til mål. I mitt tilfelle var det å kunne gå i fjellet igjen og fungere optimalt. Ha ei stemme som virka utan at det snørte seg og pressa i brystkassa, eller gav meg eit hosteanfall. Målet var satt og tida for handling sto for tur. Første steg var å få pusten opp til eit fungerande stille. For utan pust kjem ein ingen veg. Valget vart breathwork som har fokus på avspenning og opptrening av diafragma mm. Noko som var ei nødvendigheit for å kome meg vidare.

Forutan fokus på pusten vart mobilitetsøvelsar eit naturlig tilleggsval. Pusten gav indre fleksibilitet, så då var det å vende blikket på ytre smidigheit og få bevegelse i musklar og ledd. Med ein pust som uteblir, må andre musklar kompensere for det diafragma skal gjere. Det skaper ein stram og spent korsrygg og be**en, spent nakke- og skuldermuskulatur, samt stramheit over brystkassa. Då blir det lite rom for innpust og utpust. og ein ineffektivt diafragma er en kropp i ubalanse.

Når ein startar ein snuoperasjon heng også det mentale med. Du veit det som handlar om tankar, følelsar og handlingar. Overbevisningar som må bevisstgjerast slik eg ser kvifor eg havna i grøfa. Her kom mi utdanning innen NLP og mental trening i bruk. Det innebar belysande spørsmål og ein positiv indre dialog. noko som hjelpte meg å halde fokus og motivsjon oppe.

Siste implementering på min vei tilbake til betre pust vart song. Er det nokon som må ha pusten på rett plass så er det dei som brukar stemma som eit instrument. For ingen lyd utan pust, og mi stemme var praktisktalt knepla av stramme og skakkjørte musklar. Så det var ingen vei utanom ein sangpedagog og eit sangkurs. Prossesen som vart satt i gang den seinvitersdagen har gått i sakte fart i lag med pauser. Ein kropp som har havarert treng tid å bygge seg opp, og krev den tida den vil ha.

Så er eg bra igjen ?

Eg er på god vei. Når pust og kropp har fått gått sine egne vegar ei stund tek det også tid å kome tilbake til optimal tilstand. Det er mykje som skal bevisstgjerast av vanar og pustemønster. Diafragma skal gjennopptrenast og spenningar skal pustast ut slik at rett innpust og utpust blir oppretta.

No, nesten 2 år etter er eg fortsatt på reise i pustens verden. Nye vanar har blitt til gjennom pusteøvelser. Dette gir meg meir og meir friheit og energi. Og mobillitetsøvelsar som gir meg smidigheit og balanse i kvardagen. Og går du forbi huset mitt tidleg på morgonen kan det være at du høyrer lydar av song som siv ut. Stemma kjem seg litt etter litt. Katten spring ikkje ut av huset lenger når eg startar mi sangøving og det tek eg som eit godt tegn.

Som Askeladden sjølv vandrar eg forsatt nysgjerrig og tørst etter meir uvurdelig kunnskap og praksis. Med visdom og vekst i sekken min, som eg nok ikkje hadde fått utan mitt møte med pustens kramperop ein seinvintersdag i Sunnmørsalpane.



Dagens NLP føresetnad:

"Prosessen er målet"

Livet vil alltid ta små og store utsvingar, og lærdom og erfaring vil bli gitt oss uansett om ein vil eller ei.
Då er det viktig med rett tankesett som hjelp ein opp og vidare.
Det å sette seg mål og delmål gjer det lettare å kome seg framover og vidare.
Det å være så bevisst på alle gullkorna som ligg på vegen ein går avlar kunnskap og visdom.
Så skynd deg aldri framover, for du kan då gå glipp av sjølve lærdommen som skulle høstas av den situasjonen du havna i.

https://www.balanzorsta.no/mitt-mote-med-pustens-visdom/

Adresse

Torggata 1
Ørsta
6150

Åpningstider

Mandag 13:00 - 17:00
Tirsdag 12:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 13:00

Telefon

+4770068065

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Balanz Ørsta legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Balanz Ørsta:

Del