13/06/2026
På tide med ei oppdatering frå oss.
Rederiet vårt har satsa stort dei siste åra. "Steinevik" vart henta til Austevoll med ringnotkvoter i 2020. I 2022 bestilte me ny "Knester" hos Karstensens Skibsværft. Gamle "Knester" gjekk då inn som "Steinevik", og me fekk behalde eit velfungerande fartøy me likte godt. Hausten 2025 henta me stolt heim nye "Knester". Blautkakene var knapt spist opp før me fekk høve til å investere i kolmulekonsesjon til "Steinevik". Det drøyde i direktoratet å få ting unna, så me nytta tida til å få montert NOx - katalysator (SCR) hos Westcon i Ølen. Ei veke ut i juni var både SCR og kolmulekonsesjonen på plass, og "Steinevik" kunne for første gong hive laust og gå på kolmula med eigen konsesjon. Når kvoteråda peiker nedover og drivstoffprisane oppover, er det difor ekstra kjekt når mannnskapet lukkast og sig inn på Salthella ein kort stopp, fullasta med kolmule, på veg til Egersund. Kolmula, fangsta i norsk sone, var ekstra kjærkommen denne gangen.
"Knester" - gjengen har på si side fiska ferdig nordsjøsilda, også den i norsk sone.
Me er stolte av mannskapet, kry av fartøya og glade for flinke folk som leverer fartøy, bruk og finans til næringa 🇧🇻🐟🇧🇻