16/04/2019
Vårslepp og vaksiner! "Villrosa" ble fanga og sterilisert av oss i 2012, nesten utvokst ca. 7-8 mnd. Ho har sidan fått mat ute og har hatt fast tilholdstad. Vart fanga på nytt i oktober 18, og har vore innekatt sidan. Det har virkelig tatt tid å bli akseptert av denne katten for å gi den et bedre liv. (Om seinhausten hadde ho begynnande frostskade på begge øyrer, og var blitt avmagra. Den var mykje jaga av andre større katter, og ville nok ikkje overlevd ein ny vinter utandørs). Villkatter lar seg egentlig ikkje temme. Så difor bør alle passe på å redusere avkom, ved å sterilisere katten sin. Virkeligheten for ein vilkatt er at den er redd heile tida. No er Villrosa rastløs, og snart klar til å komme ut. Den fekk nykokt ørret etter veterinærbesøk, og vaksiner. Håpar den vil oppholde seg i skogen rundtom på Skogstad, og bruke katteluka etterkvart. (Underteikna fekk ellers eit mega katteklor når katten skulle i buret, men håpar at siste stivkrampesprøyte held dette i sjakk). På veterinær kontoret viste villkatten seg på ny. Katten måtte inn i spesial bur før vaksine kunne takast, og buret ble lånt med heim. Dette er skrive til alle som har katt, eller som har lyst på. Også ein katt ønsker seg eit godt liv!. ( Tlf veterinær kontoret i Førde: 578 26 000 for vaksine mot kattepest og /eller sterilisering. God påske frå Solveig og ein viktig katt🐱