19/08/2026
Firda har vore innom oss for ein prat om dei første månadane med Riverside Sauna
Sidan opninga i oktober har stadig fleire fått auga opp for badstove ved Jølstra, og det aller kjekkaste er å sjå kor mange som kjem tilbake igjen og igjen ❤️
Samtidig har vi framleis god plass til fleire! Enten du vil ta turen åleine, saman med vener – eller bli kjent med nye folk på ein drop-in-time.
Vi har også fått forlenga leigeavtalen med kommunen frå 2 til 5 år, noko som gir oss moglegheit til å tenke langsiktig og vidareutvikle både saunaen og området rundt 🙌
Og no kjem det noko nytt!
Vi kjem også til å opne dørene til naustet for dei som ønskjer litt meir enn ein vanleg saunatur. Her blir det mogleg å booke ein heilaften med sauna, sittegruppe, bålpanne og hygge ved Jølstra.
Perfekt for vennegjengen, bursdag, teambuilding eller andre små arrangement.
👉 Ta kontakt med oss for pris og booking av heilaften, eller om du ønskjer meir informasjon om månadsabbonement eller bedriftsabbonement.
Takk til alle som har besøkt oss, anbefalt oss vidare og vore med på reisa så langt!
Og til deg som framleis ikkje har prøvd:
Kanskje det er på tide? 🔥
www.vestsauna.no
Saunaen i Førde opna i oktober. Det ventar framleis på at det skal ta av 🔥
Sjølv om ein kan velje mellom dropin og private bookingar, ser dei at sunnfjordingane helst ikkje vil sitte saman med ukjende 😳
– Det er litt synd for det er faktisk ein veldig god måte å knyte kjennskap og sosiale band.
Kva trur du, er vi så sjenerte her? 😅 Les saka 👇