Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS Rehabilitering for barn, ungdom og vaksne blant fjord og fjell🌟

Ver venleg å ikkje del personlege opplysningar i kommentarfelt.

Rett spørsmål til 57 73 71 00/[email protected].

Vi har ledig tre faste 100% stillingar på ein stor og spennande arbeidsplass! Sjå lenke i kommentarfeltet for meir infor...
05/06/2026

Vi har ledig tre faste 100% stillingar på ein stor og spennande arbeidsplass! Sjå lenke i kommentarfeltet for meir informasjon 😃

I dag markerer vi   på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ⚽️🎗️Kampen mot barnekreft er ein av dei viktigaste kampa...
29/05/2026

I dag markerer vi på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ⚽️🎗️

Kampen mot barnekreft er ein av dei viktigaste kampane å vinne. På Haugland har vi fått møte mange barn som har vore ramma av kreft, og vi heier på forskarane som kvar dag jobber med dette livsviktige arbeidet 👏👏

Her er ein fargerik gjeng tilsette frå ulike avdelingar 🤩 Vi er sterke saman på tvers av profesjonar og favorittlag, og vi er sterke saman i kampen mot kreft! 💛🎗️

Barnekreftforeningen
Barnekreftforeningen Vestland

Vi har no to ledige stillingar som badevakter på Haugland🐳☺️Merk søknadsfrist måndag 25.05.2026.
12/05/2026

Vi har no to ledige stillingar som badevakter på Haugland🐳☺️
Merk søknadsfrist måndag 25.05.2026.

Karriere Badevakt Søknadsfrist: Måndag 25.05.2026 Oppstart: Etter avtale Søknad merkast:  Badevakt Kontaktperson: Ragnhild Follevåg, leiar utadretta aktivitet, 57737114 Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: [email protected] Om stillinga Vi har to […]

🇳🇴 BADELAND STENGT 17. MAI 🇳🇴På søndag 17. mai feirer vi nasjonaldagen, og Badeland er difor stengt denne dagen. Vi har ...
12/05/2026

🇳🇴 BADELAND STENGT 17. MAI 🇳🇴

På søndag 17. mai feirer vi nasjonaldagen, og Badeland er difor stengt denne dagen. Vi har ope igjen på søndag 24. mai til vanleg tid 😊

(Foto: Jostein Vedvik)

Bading på Haugland er ope på søndagar. Her er vannsklie, terapibasseng, svømmebasseng, leikesone for ungar, vannsklie, badstue og boblebad.

Etter fjorårets suksess er det igjen tid for Stolpejakten! Det er plassert ut 12 stolpar på nye plassar her på Haugland ...
28/04/2026

Etter fjorårets suksess er det igjen tid for Stolpejakten! Det er plassert ut 12 stolpar på nye plassar her på Haugland og i Flekke. Du registrerer kvart besøk ved ein stolpe og samlar poeng - på same tid som du er ute på tur 😊

For meir informasjon, sjå nettsida til Stolpejakten (lenke i kommentarfelt) eller last ned appen Stolpejakten.

God tur!🌿

Vi er glade for å kunne støtte Lions i sitt arbeid for barn og unge. I fleire år har vi vist vår støtte ved å kjøpe tuli...
24/04/2026

Vi er glade for å kunne støtte Lions i sitt arbeid for barn og unge. I fleire år har vi vist vår støtte ved å kjøpe tulipanar som vi pyntar på senteret med. I år var vi også så heldige at vi vart vinnarane av Lions sin tulipanvase 🌷🌷

Tusen takk til Lions Club Fjaler for vasen og flotte tulipaner!

Thea og Tarja deltok på seminaret «VR i helse» 25. mars på Campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet.Tarja holdt eit innl...
27/03/2026

Thea og Tarja deltok på seminaret «VR i helse» 25. mars på Campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet.

Tarja holdt eit innlegg med tittelen «VR i rehabilitering – underholdning eller behandling?» og dei hadde med VR Walk på stand.

VR-teknologi gir nye moglegheiter i rehabilitering – der motivasjon, meistring og trening kan få ei helt ny ramme. Og kanskje er ikkje spørsmålet anten–eller: VR kan være både underhaldende og ha reell klinisk effekt, og samspelet mellom desse kan vere det som gir størst verdi for pasienten.

Eit veldig bra arrangement som gjerne kan gjentas. Takk for invitasjon Gro Rukan og Vilje helseklynge!

Lenke til oppsummering av VR-dagen finn du i kommentarfeltet.

Fantastisk start på dagen for oss, der morgonturen tok ein overraskande vri! 🤩 Så heldige vi er som har naboar som UWC R...
20/02/2026

Fantastisk start på dagen for oss, der morgonturen tok ein overraskande vri! 🤩 Så heldige vi er som har naboar som UWC Red Cross Nordic 😍

Denne veka var vi så heldige å få besøk av stortingsrepresentant Benjamin Jakobsen (AP). Han sit i Familie- og kulturkom...
18/02/2026

Denne veka var vi så heldige å få besøk av stortingsrepresentant Benjamin Jakobsen (AP). Han sit i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget og var svært interessert i den aktiviteten som er på Haugland. Saman med ordførar Leif Jarle Espeland (AP) fekk han god informasjon om tilboda vi har på senteret, og spesielt tilboda til barn, unge og unge vaksne.

Som ein Røde Kors-organisasjon er vi opptatt av å kunne bidra til inkludering og støtte menneske til auka aktivitet og deltaking. Dette er fokus både i tilboda vi har til våre pasientar, men også i engasjementet vårt for å inkludere barn/unge som står i fare for å falle utanfor.

(Foto: Jostein Vedvik)

STENGT VANNSKLIE SØNDAG 15. FEBRUARGrunna vedlikehaldsarbeid må vi dessverre halde vannsklia stengt på søndag 15. februa...
13/02/2026

STENGT VANNSKLIE SØNDAG 15. FEBRUAR

Grunna vedlikehaldsarbeid må vi dessverre halde vannsklia stengt på søndag 15. februar. Vi beklagar sjølvsagt dette.

Utover det er symjebasseng og terapibasseng ope som vanleg på søndag kl. 11-16. Velkommen til Badeland!

Adresse

Hauglandsvegen 308
Flekke I Sunnfjord
6968

Telefon

+4757737100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS:

Del