Rannveig Kvåle • Yoga & Terapi

Rannveig Kvåle • Yoga & Terapi 🤍 Fysio- og yogaterapi. Treningsrettleiing. Tørrnåling. Yogakurs. Yogaweekends. Yogaretreats

Audmjuk for så god respons!🙏🏻 Det er kun att 3 plassar på haustens MediYoga kurs! Kanskje er det i haust du vil prøva de...
07/09/2026

Audmjuk for så god respons!🙏🏻
Det er kun att 3 plassar på haustens MediYoga kurs!

Kanskje er det i haust du vil prøva deg? Du vil bli godt ivareteken💖

Om du er MANN oppmodar eg deg særskilt til å koma og finna roen og kontakten med deg sjølv på ullmatta - det er ein mann påmeldt på tysdagsøkta✨

06/09/2026

Vil du koma inn i eit rom der kroppen, pusten og nervesystemet ditt kan finna tilbake til sin eigen rytme?
🍃
Der du kan finna kontakt og ro, glede og avspenning, styrke og smidigheit?
🧘‍♀️♾️🧘
Eg startar to parallelle 10 vekers MediYOGA-kurs hhv man 21/9 og tysdag 22/9. Investering: Kr 1999,-
💸 vipps til #913519
Tidspunkt: 19.00-20.30

🧘♾️🧘‍♀️
Du vil ha nytte av øktene om du er heilt ny med yoga, eller om du har gjort yoga før.

Om du av t.d jobb- eller helsesituasjon ikkje kan melde deg på 10-vekers kurs, så kan du vere med på 5 første/5 siste.

Grunna vidareutdanning i Meditasjon og litt endring i jobb, går ikkje kursa slavisk på man/tys - sjå oppsett nedanfor.

🍃
Påmelding til Rannveig på pm eller sms(45613678)
🍃
Datoar:
Veke 39: Man og tys
Veke 40: Man og tys
Veke 41: Haustferie
Veke 42: Tors (begge grupper)
Veke 43: Man og tys
Veke 44: Man og tys
Veke 45: *ingen yogakurs
Veke 46: Man og tys
Veke 47: Man og tys
Veke 48: Tors (begge grupper)
Veke 49: Man og tys
Veke 50: Man og tys

Varmt velkommen!
💚

I haust har eg igjen gleda av å tilby YOGA på Trivselstunet i Sogndalsfjøra i samarbeid med LPP - LEVE - Rusettervernet ...
02/09/2026

I haust har eg igjen gleda av å tilby YOGA på Trivselstunet i Sogndalsfjøra i samarbeid med LPP - LEVE - Rusettervernet m.fl🍃

Mi første økt er i morgon 3. sept., og det vil bli ei fin yogastund med fokus på pust og roleg rørsle som vil gi deg forankring og fred i kropp og sinn. Du treng ikkje ha erfaring med yoga frå før. Ta gjerne med deg ei p**e som du kan sitje på eller ha som støtte under nakken i liggande. Pledd kan også vera godt💚

Yoga’en vil starte kl 19 og vare i 75-90 min. Den vil foregå annakvar torsdag fram t.o.m 10.12, og det vil vera anten eg eller Britt Veum Hauge som leiar den.🌿

Varmt velkommen til alle som på eit eller anna vis er pårørande eller som ynskjer ei roleg stund💚

12/05/2026

Tenk deg ei veke med rolegare pust, låge skuldre og meir energi til å kome tilbake til deg sjølv🩵

Vårt yogaretreat i fredfulle Sutivan nærmar seg og det er 3 ledige plassar!

Dette blir ei veke fyllt med
✨yoga & avspenning
✨kvinnehelse & hormonbalanse
✨vagusnerven & nervesystemet
✨korleis støtte kroppen naturleg
✨fellesskap, varme samtalar og tid til å lande
✨sunn mat, påfyll og vakre omgjevnader ved havet🌊

Ei veke der det handlar om å vere.

💌Send ein melding om du ynskjer informasjon eller vil sikre deg ein av dei siste plassane☀️

Anette & Rannveig

23/03/2026

3 LEDIGE PLASSAR‼️
Er den eine din?😃

🌼Hjarteleg velkommen til NYTT YOGAKURS denne våren! Kurset går over seks mandagar med oppstart 13/4 kl 19-20.30.

🌼Yoga er for meg ei spennande “reise” innover – til ro, til pust, til nærvær. Eg ønskjer at endå fleire skal få kjenne på kva det å bli meir tilstades og merksam på det som er “inni” oss, kan gjere med kropp og sinn. Våren, og alt det den kjem med, er for meg ei ekstra fin tid til
å “oppdage på nytt” - å jobbe med forankring, finne indre kraft og flyt. Vil du vere med?

🌼Påmelding i messenger eller sms til 45613789. Pris kr 1199.-

🌼Øvingane i MediYoga er enkle, trygge og rolege - og samstundes kraftfulle. Og du vil mestre dei.

✨Har du lyst å øve på å finne ro og kjenne på å vere meir tilstades? Å lære teknikkar for å stilne tankekøyret - og sams...
12/01/2026

✨Har du lyst å øve på å finne ro og kjenne på å vere meir tilstades? Å lære teknikkar for å stilne tankekøyret - og samstundes bli meir fleksibel og sterkare frå innerst til ytterst ?

Då inviterer eg deg med på vinterens yogakurs som er basert på MediYoga!

Intensjonen i kursa vil vere å bli bevisst tyngdekrafta og kontakten du har med underlaget, løyse opp spenningar og gi slepp på gamle mønster. Dette jobbar me med gjennom spesifikke øvingar(asanas), meditasjonar og mantra.
Eg gledar meg!✨

Mandagskurset går over 10 veker med start 19/1.
Tidspunkt: Kl 19-20.30
Pris 1999,-

Tysdagskurset går over 8 veker med start 27/1.
Tidspunkt: Kl 19.15-20.45
Pris 1599,-

Vipps #913519

✨Det er fullt mogleg å t.d vere med på halve kurset om du treng tilpassing pga jobb/helse.

Gledar meg til dette!💓(Sjå tidspunkt i kommentarfeltet)
12/11/2025

Gledar meg til dette!💓
(Sjå tidspunkt i kommentarfeltet)

Tilbodet er lagt opp som drop-in økter fire torsdagar på rad – ingen påmelding, gratis og tilpassa alle nivå.

🪷Bli med inn i hausten med senka skuldre, roleg pust og merksemd inn i det som er deg her og no!💗🪷Eg set opp to kurs à 1...
20/08/2025

🪷Bli med inn i hausten med senka skuldre, roleg pust og merksemd inn i det som er deg her og no!💗

🪷Eg set opp to kurs à 10 veker med oppstart 1. september.

🪷Mandagar 19-20.30 for deg som er plaga med stivheit i nakke/skuldre/kjeve. Spenningshodepine eller migrene. Kanskje veit du at hausten blir travel og ynskjer å forebygge… (det er aldri dumt!) Her vil du lære mykje om Vagusnerven.

🪷Tysdagar 14-15.15 er for deg som har ein jobb der du sit mykje (eller har site mykje..). Ypparleg for deg som har tid til fysisk aktivitet i jobben, som er heilt eller delvis sjukmeldt, ufør, jobbar turnus eller rett og slett er heime tysdagar! Denne økta er også god for deg som spring, går eller syklar mykje - som stadig er i det diagonale rørslemønsteret

🪷Du vil etter kurset vere meir fleksibel - både kroppsleg og mentalt, og kanskje meir raus med deg sjølv🫶

🪷Du kan vere både heilt ny og dreven med yoga for å delta på kursa.

🪷Pris for 10-vekers kursa er kr 1999,-

Det er gledeleg nå forskinga “kjem etter”, og at professor Hagen ved Institutt for Psykologi NTNU har ambisjonar om å få...
19/06/2025

Det er gledeleg nå forskinga “kjem etter”, og at professor Hagen ved Institutt for Psykologi NTNU har ambisjonar om å få yoga og yogaterapi inn som ein del av profesjonsstudiet i psykologi🤩

https://www.facebook.com/share/1DYeySZeKd/?mibextid=wwXIfr

Ti år med studier av yoga som stressreduserende aktivitet gir klare svar: Litt innsats gir klar helsegevinst.

Hei alle❣️No kan du vera med på MediYoga følgjande fem tysdagar:4.2, 18.2, 25.2, 11.3 og 18.3. Du kjem som du er i klede...
19/01/2025

Hei alle❣️No kan du vera med på MediYoga følgjande fem tysdagar:
4.2, 18.2, 25.2, 11.3 og 18.3.
Du kjem som du er i klede som er gode å pusta og bevega seg i, og så har eg deilige matter og pledd i ull🐑🐏Øvingane blir tilpassa deg🫶
Meld deg på pm eller på sms til 45613678.

Pris: kr 950,-

Adresse

Strandavegen 56
Leikanger
6863

Telefon

+4745613678

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rannveig Kvåle • Yoga & Terapi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del