Psykisk Helseteneste Lom & Skjåk

Psykisk Helseteneste Lom & Skjåk Generell informasjon om psykisk helse og livsmestring.

⚽️ VM-feberSkal vi vere heilt ærlege så er det vel ikkje alle på kontoret som har VM-feber. Gjett kven som kan navnet på...
16/06/2026

⚽️ VM-feber

Skal vi vere heilt ærlege så er det vel ikkje alle på kontoret som har VM-feber. Gjett kven som kan navnet på flest spelare 😄
Likevel ser vi alle verdien av noko som engasjerer så mange menneske på same tid.

Fotball samlar folk på tvers av alder, kjønn, yrke, interesser og bakgrunn. Vi heiar på ulike lag, men deler den same spenninga, gleda og frustrasjonen.

For den psykiske helsa er det viktig å ha noko å engasjere seg i utanfor seg sjølv. Noko som skaper glede, nysgjerrigheit og fellesskap – enten det er fotball, musikk, jakt, handarbeid eller friluftsliv. Når vi følgjer ein kamp eller diskuterer resultat med andre, får tankane ei pause frå kvardagens bekymringar. Kanskje kan VM vere ei påminning om å sende ei melding, invitere nokon med på kamp? ⚽💙

✨Har du høyrt om «glimmers»?✨I kvardagen er det lett å legge mest merke til det som stressar oss eller tek energi. Men i...
29/05/2026

✨Har du høyrt om «glimmers»?✨

I kvardagen er det lett å legge mest merke til det som stressar oss eller tek energi. Men innimellom finst det små augeblikk som gir kroppen ro, varme eller ei kjensle av tryggleik. Desse blir ofte kalla «glimmers» i psykologien.

Eit glimmer kan vere:
🌿 lukta av nykokt kaffi om morgonen
☀️ sola som varmar andletet
😊 eit smil frå nokon du møter
🚶 ein liten tur som gir ro i kroppen
❤️ ei melding frå nokon som bryr seg

Små augeblikk kan verke enkle, men dei kan hjelpe nervesystemet vårt til å finne meir balanse og kvile.
Helgas utfordring; legg merkje til meir glimmers i kvardagen!

Ei lita påminning til deg inn mot langhelga 🌞Mange av oss har ein indre standard som er vanskeleg å nå opp til. Vi evalu...
30/04/2026

Ei lita påminning til deg inn mot langhelga 🌞

Mange av oss har ein indre standard som er vanskeleg å nå opp til. Vi evaluerer oss sjølve gjennom dagen – ofte strengare enn vi ville gjort med andre. Over tid kan det tappe oss for energi og påverke både humør og meistringskjensle.

Eit enkelt, men verknadsfullt grep er å øve på å gje seg sjølv meir realistisk og støttande tilbakemelding:
👉🏼 Senk lista litt – målet er ikkje å vere perfekt, men å gjere så godt du kan i den situasjonen du står i.
👉🏼 Legg merke til det som faktisk blir gjort, ikkje berre det som manglar. Positivt fokus!
👉🏼 Når dagen er over: set ord på det – «Eg gjorde så godt eg kunne i dag. Det er bra nok.»

Dette handlar ikkje om å gje opp, men om å skape eit meir berekraftig tempo og ein meir støttande indre dialog. Det gir betre grunnlag for både utvikling og trivsel.

No er det langhelg. Kanskje gir det ei moglegheit til å hente seg litt inn. Om det er ein tur på fjellet, eller rett utanfor døra.
Ta vare på deg sjølv – på den måten du treng og innanfor det som er faktisk mogleg å få til i din kvardag.

Vi var heldige i dag og blei invitert av Lom Ungdomsskule på foredraget «Store gutter gråter ikke» med Marius Ulekleiv.D...
10/03/2026

Vi var heldige i dag og blei invitert av Lom Ungdomsskule på foredraget «Store gutter gråter ikke» med Marius Ulekleiv.

Det vart eit sterkt foredrag om psykisk helse, sårbarheit og kvifor det framleis kan vere vanskeleg for mange å prate om følelser og be om hjelp. Marius delte ærleg frå si eiga historie – frå oppveksten på Lesja, frå det å kjenne seg litt annleis. Han gjekk lenge å kjende på ein «klump i brystet» som etter kvart utvikla seg til depresjon og angst.

Då han etterkvart våga å opne seg om korleis han eigentleg hadde det på innsida, opplevde han noko viktig: fleire av dei tøffaste karane han var kollega med i politiet kjende på mange av dei same følelsane. Det seier noko om kor mange som ber på meir enn det vi ser på utsida.

Marius avslutta med eit enkelt men viktig råd til alle som har det vanskeleg: prat med nokon. Det kan vere ein ven, eit familiemedlem eller nokon i hjelpeapparatet – du treng ikkje stå åleine i det som er tungt.

Takk for eit ærleg, engasjerande og viktig foredrag!

Bønder i byen 🌾 på tur heim med ny kunnskap i sekken.Årets Rus og psykisk helse kongress i Oslo gav viktige påminningar ...
11/02/2026

Bønder i byen 🌾 på tur heim med ny kunnskap i sekken.

Årets Rus og psykisk helse kongress i Oslo gav viktige påminningar vi tek med oss heim til Lom og Skjåk. Forsking minner oss om at tillit og relasjonar er heilt avgjerande i samarbeid om hjelp i psykisk helsearbeid – utan tryggleik i relasjonen blir det vanskeleg å få til reell hjelp, uansett kor gode systema er.

🔹 Kontinuitet og samhandling
Riksrevisjonen kritiserer manglande samanheng i tenestene. Mange møter ikkje opp eller takkar nei til hjelp – og nokon blir skrivne ut utan eit reelt alternativ. Tenestene må i større grad tilpassast slik at folk faktisk kan nyttegjere seg pasientrettane sine.
🔹 Rus og psykisk helse heng tett saman
Fleire peika på at krav om rusfridom før utgreiing og behandling av psykiske lidingar ekskluderer mange. Dei fleste med alvorleg rusavhengigheit har også psykiske helseutfordringar i botnen.
🔹 For lite døgnkapasitet
Kritikken har lege der sidan 2021, og utfordringane består. Nokon blir for dårlege før innlegging, andre held fram med å falle etter utskriving.
🔹 Alvorlege utviklingstrekk
Dødelegheita i denne pasientgruppa har auka med rundt 20 % dei siste fem åra. Samhandling blir ofte peika på som ei hovudutfordring, sjølv om behandlinga i kvar einskild teneste kan vere god. Kommunale tenester er ulikt organiserte, noko som gjer likeverdige forløp vanskelege – særleg når arbeid, bustad og aktivitet er viktige delar av vegen vidare.
🔹 KI i helsetenestene 🤖
Helsedirektoratet har no eiga KI-side og offentleg KI-teneste. Spennande tider – og vi får håpe det framleis blir behov for folk av kjøt og blod òg framover.

➡️ Heimatt til kvardagen – med litt meir kunnskap i sekken, litt fleire spørsmål i hovudet og framleis tru på at menneskemøte slår både system og skjerm. 🌾🤖💚

God morsdag 💖
08/02/2026

God morsdag 💖

Tankane formar hjernen vår – og vi kan forme tankane våre ⬇Visste du at negative tankemønster over tid kan lage «motorve...
30/01/2026

Tankane formar hjernen vår – og vi kan forme tankane våre ⬇

Visste du at negative tankemønster over tid kan lage «motorvegar» i hjernen, som gjer at tankane kjem automatisk? Tankar som:

«Eg er ikkje bra nok»

«Eg får det ikkje til»

«Ho er ikkje glad i meg»

…kan styrkast over tid, men det gode er at hjernen er plastisk. Nye nervebaner kan skapast gjennom opplevingar, læring og øving – også som vaksen.

Her er nokre enkle tiltak for å snu negative tankar til positive:
1️⃣ Anerkjenn tankane, observer dei og la dei passere.
2️⃣ Sorter: Løys det du kan, la resten gå.
3️⃣ Beveg deg – kroppen styrer handlinga, ikkje tankane.
4️⃣ Unngå det som triggar negative tankar, som perfeksjonsfokus på sosiale medier.
5️⃣ Fyll på med gode inntrykk: bok, film, positive menneske, små gleder.
6️⃣ Lag positive påstandar og repeter dei – skriv dei ned der du ser dei ofte.

Små steg kan lage nye «skogstiar» i hjernen som etter kvart blir like raske og automatiserte som dei gamle motorvegane. 🌟

Du kan lese meir om «Automatiske Negative Tankar (ANT)» om du vil dykke djupare.

Lykke til – du kan påverke tankane dine! 💛

🎄Julehelsing frå Psykisk helse Lom Skjåk🎄Jula er for mange ei roleg tid, men ho kan og være stri med forventningar, minn...
18/12/2025

🎄Julehelsing frå Psykisk helse Lom Skjåk🎄

Jula er for mange ei roleg tid, men ho kan og være stri med forventningar, minnar om det som har vore og dagar som er annleis enn resten av året.
Kanskje blir ikkje jula heilt slik ho var tenkt, men det går som oftast greit det og.
Om det blir mykjy eller lite folk, pinnekjøtt, grandis eller mengder med svart kaffi. Vi håpar dagane let seg gjennomføre i eiga tempo. At du finn rom for å ta vare på deg sjølv slik det passar deg best, enten det er å være i lag med folk døgnet rundt, trekke deg litt attende, eller berre ta dagane som dei kjem.

Ved behov er vi å treffe:
Tomas (46917471) fram til 22.12.
Håvard (48149062) fram til 23.12.
Toril (95982596) 29. og 30.12 mellom kl 10 og 14.

Ta vare, og riktig god jul frå
Tomas, Håvard og Toril 🌟

Råd på vegen mot ei stressfri jul 🎅🎄Planlegg jula i god tid og involver familien, du treng ikkje gjere alt aleine. 🎄Lag ...
12/12/2025

Råd på vegen mot ei stressfri jul 🎅

🎄Planlegg jula i god tid og involver familien, du treng ikkje gjere alt aleine.

🎄Lag deg ei jul som er tilpassa deg og dine behov. Kva er viktig?

🎄Er du invitert til eit større selskap og føler at dette stressar deg? Tenk over kva du ønskjer og kva du kan få til. Ta hensyn til dette. Aksepter at du kan ha begrensingar, også i jula.

🎄Det er lov til å ha negative følelsar – også i jula.

🎄Unngå isolasjon. Ring ein ven, inviter nokon til deg eller reis på opne arrangement.

🎄Gjer noko for andre. Dette kan både betre humør og redusere stressnivået ditt samtidig som du gledar eit anna menneskje. Kanskje kan du væra ein støttespelar for ein frivillig organisasjon eller besøksven på sjukeheimen?

🎄Hugs at alkohol kan auke symptoma på depresjon.

🎄Vær i fysisk aktivitet mellom julemåltida, det frigjer stoff som gjer at vi føler oss bra.

🎄Sov nok.

Tomas, Håvard og Toril ønskjer alle ei god førjulstid!

🧔🏻‍♂️ Movember – fokus på menns helse 💙Movember er ein internasjonal kampanje i November månad som set søkelyset på menn...
12/11/2025

🧔🏻‍♂️ Movember – fokus på menns helse 💙

Movember er ein internasjonal kampanje i November månad som set søkelyset på menns helse. Kampanja løftar fram tema som prostatakreft, testikkelkreft, sjølvmord og psykisk helse.

Forsking viser at menn generelt søkjer hjelp sjeldnare enn kvinner når dei opplev psykiske helseplager. Samtidig er menn overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken. Dette peikar på eit behov for større openheit, meir kunnskap og hjelpetilbod som er tilpassa menns behov.

Å søkje hjelp er ikkje eit teikn på svakheit, det krev mot og styrke. I små lokalsamfunn kan terskelen for å ta kontakt vera høg, men det er viktig å understreke at det er heilt normalt å ha det vanskeleg, og rett å be om støtte.

På kontoret vårt i Psykisk helse Lom Skjåk er vi ei dame og to menn. Nokre opplev at det kan væra lettare prate med ein mann om personlege tema, andre ikkje. Det viktigaste er at du finn nokon du opplev tillit til.

Den internasjonale mannsdagen 19. november handlar ikkje om å konkurrere med kvinnedagen, men om å anerkjenne at menn òg har unike helseutfordringar som må takast på alvor i eit likestilt samfunn. Eit samfunn med openheit, tryggleik og tilgang til rett hjelp er eit samfunn som styrkjer både menn og kvinner.

👉 Ta kontakt med oss dersom du ønskjer nokon å prate med.

Adresse

Bergomsvegen 29
Lom
2686

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4748149062

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Psykisk Helseteneste Lom & Skjåk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Psykisk Helseteneste Lom & Skjåk:

Del