23/02/2026
HIPP, HURRA FOR VINJE!
Vinjarane kan verkeleg vere fornøgde med eigen innsats, etter å ha levert ein heilt fantastisk flott Årsfest på laurdag.
Det var, som alltid, via stor spenning knytt til det ein ville få servert frå scena og i forkant var det lite som var blitt «lekka ut» anna enn at grenda var klar for «å skeie ut!» Men no i ettertid kan vi i alle fall slå fast at revyen vart eineståande bra. Ikkje mindre enn tre storskjermar bidrog vidare til at alle, uansett plassering, kunne få med seg det heile. Lyd og lys fungerte også heilt topp. Det same kan ein også seie om det øvrige, inkludert alt frå billettering, arrangementsvertane, maten og matserveringa, barløysinga og dansemusikken. Det er vanskeleg å skjøne anna enn at dette måtte stå til terningkast seks, alt saman! Både arrangør og alle oss andre, kan nok berre glede seg/oss til å lese lokalaviser utover i veka.
For å kunne arrangere Årsfest, er ein avhengig av at dei aller fleste i grenda stiller på og slik sett er det mange som fortener heider og ære i dag. På vegne av alle som fekk vere med på feiringa laurdag, er det verkeleg på sin plass å rette ei stor takk til Vinjegrenda med Kine Tøsse, Sindre Holtleite, Roar Søvik, Jorunn Langhaug og Christine Torvik i spissen!
Hipp, hipp, hipp, hurra, hurra, hurra!!
KVA NO?
Med den 28. Årsfesten vel i hamn, har alle dei sju grendene; Hovslia, Dyrkorn, Nejaføringane, Øvrebust, Dalane, Vinjehjellane og Vinje, stått som arrangør fire gongar kvar. Dette er i seg sjølv verkeleg eineståande og truleg heilt unikt om ein ser til andre stadar. Men i lille Stordal har ein altså fått det til og la det ikkje vere tvil, dette blir lagt merke til rundt om! Det er særs mange både innad og eksternt, som ser den store verdien eit slikt arrangement har for eit lokalsamfunn og sjølv om det kostar mykje i form av dugnadsinnsats når det står på som mest, er det verkeleg verdt det.
Stas var det å registrere at det også på laurdag, vart behov for å rigge til med endå fleire bord og stolar for å få plass til alle, der ikkje minst også ungdom utgjorde ein stor andel av publikum. Ein kan med andre ord slå fast at interessa knytta til å få med seg Årsfesten er stadig like stor. Ikkje minst er det særs kjekt å oppleve den store viljen som er der for å vere med og bidra til at denne flotte tradisjonen kan leve vidare! Dette gjeld både dei rundt om i grendene som har vore med mange gongar tidlegare - og som knapt klarer vente til det er deira tur igjen - og faktisk også unge vaksne som har flytta ut, men som likevel kan tenke seg å ta arrangøransvar. Idéen om «Utflyttarane» som ny «arrangørgrend» er faktisk også lansert. Slikt gledar naturlegvis veldig! Med den fantastiske innsatsen lagt ned for å pusse opp i grendasalen den siste tida, er også dette nok eit bevis på den store viljen til å ta vare på - og utvikle vidare - storstova vår!
Når alle no har arrangert fire gongar kvar og det har skjedd endringar også i høve til folketal og alderssamansetning i dei ulike grendene, er det naturleg å ta ei runde på dette med organiseringa. Ikkje minst vil Stordalshallens Venner og Stordal Revylag bli sentrale med tanke på korleis legge dette opp vidare. Men alt tyder uansett på på at også utsiktene i høve vidareføring av årsfesttradisjonen ser lyse ut. :)