Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen

Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen Fysioterapeut, kostholdsveileder som tilbyr komplett helseveiledning online eller på Feel24 Narvik/Ankenes.

Det var ikkje så skummelt å gjere noko nytt 🥳Tenk at eg let vere å melde meg på løp i så mange år fordi eg var redd for ...
16/06/2026

Det var ikkje så skummelt å gjere noko nytt 🥳

Tenk at eg let vere å melde meg på løp i så mange år fordi eg var redd for å ikkje vere god nok, ikkje imponere nok osv.

Takk og lov for at eg berre heiv meg i gang. Det har gitt meg ein motivasjonsboost som eg ikkje har kjent på år og dag.

Difor vil eg tipse om løpet som Sjettholka IL arrangerer på torsdag: Emmenestoget. Det startar i Håkvik og ender på Emmenes.

Eg stiller til start! Og kan eg stille, kan du så absolutt stille.

Her melder du deg på:
https://live.eqtiming.com/80061

Håpar vi sjåast :D

Vell blåst alle deltakere på Backyard ultra i går. Dere er sterke.
Til dere som ikke fikk løpt eller er sugen på mer. Emmenes Toget terrengløp er kommende torsdag 18.06. Arrangement ligger i EQ, evt kan man melde seg på ved start. Oppmøte kl 17. Start kl 18. Løpet er 10 km nydeli sti. Et av våre fineste løp. Vell møtt 😊 mer info ligger under arrangementet ang løype og lokasjon som blir oppdatert ila dagen.
Premeriering: 1500,- til vinnere.
Stasj fra Haddock til andre og tredjeplass. Ellers noe trekkpremier.

Se ellers vår løpkalender for de andre arrangementene.

🙌 Når sisteplass er suksess 🙌I går deltok eg på løp for første gong sidan 2011. Eg vart utfordra til å delta for nokre v...
14/06/2026

🙌 Når sisteplass er suksess 🙌

I går deltok eg på løp for første gong sidan 2011. Eg vart utfordra til å delta for nokre veker sidan. Det var skummelt. Og eg kom på sisteplass. Eg var den som sprang kortast, og den som sprang treigast.

Men for meg var det likevel 100% suksess. Eg var stolt, glad og kjente på stor meistring. Korleis kan det ha seg? Eg kom jo sist?

Det er her konseptet om realistiske mål kjem inn i biletet.

Realistiske mål? Er det ikkje best å setje seg store og hårete mål? Jo, det kan ein gjerne setje seg. Men då må du òg ha ein plan.

For kva trur du hjernen lærer dersom du gang på gang set deg mål som du ikkje når? Då lærer hjernen følgande:
- Mål er ikkje til for å bli oppnådd
- Eg treng ikkje ta mål på alvor
- Mål er ein visjon, ein draum, og ikkje noko som har med realiteten å gjere

Så korleis kan realisme hjelpe hjernen til å ta mål på alvor?

Realistisk sett, hadde eg følgande alternativ å velje mellom i går:
1. Delta, og springe eit konkret og realistisk antall rundar av løypa
2. Ikkje delta på løpet

Eg gjekk for alternativ 1.
Eg deltok. Eg sprang så mange rundar som målet mitt tilsa.

Og eg klarte det! Eg seier det igjen: Eg klarte det!
Eg nådde målet mitt! For eg hadde sett meg eit realistisk mål.

Gjennom å nå eit mål, fekk eg kjenne på meistring. Og når ein kjenner på meistring, får ein motivasjon. Og når ein får motivasjon, får ein trent. Og når ein får trent, kjem ein i betre form. Og når ein kjem i betre form, kan ein springe raskare. Pluss at det meste i livet blir lettare når ein er i betre form.

Kan du love meg éin ting framover? Set deg realistiske mål.
Tillat deg sjølv å kjenne på meistring.
Eg kan love deg at det vil motivere deg 100 gongar meir enn dårleg samvit, negativ sjølvsnakk og urealistiske planar til saman.

Prøv ein ny taktikk. Og spør meg om hjelp dersom du ikkje veit kvar du skal starte.
For der er eg god.

VER RETTFERDIG 🌱Hugs at den einaste det er rettferdig å samanlikne seg med er deg sjølv.Der du var for ei veke sidan.Der...
17/02/2026

VER RETTFERDIG 🌱

Hugs at den einaste det er rettferdig å samanlikne seg med er deg sjølv.

Der du var for ei veke sidan.
Der du var for ein månad sidan.
Der du var for eit år sidan.

Altfor mange ser framover.

Når eg får til dette, då skal eg…
Når eg har fått vekk den uvanen, då skal eg…
Når eg har fått kontroll på kvardagen, då skal eg…
Når eg berre får tatt meg saman, vil eg klare å…

Du trur det skal motivere deg, men ofte blir ein berre sitjande att med ei kjensle av å vere overvelda.

Og du veit faktisk ikkje korleis du vil ha det, når alt ein gong vil klaffe. Eller om det nokon gong blir sånn.

Men du veit korleis du har hatt det. Og korleis du har det no. Og tar du deg tid til det, vil du kanskje innsjå at du har kome eit stykke.

Ikkje på alle område, ikkje perfekt, men det er progresjon.

Strekk deg etter meir av dette. Meir av det som gjev meistring, meir av det som fungerer, meir av det som fungerer for DEG.

Det er eit handfast og rettferdig samanlikningsgrunnlag.

Kva meistrar du no, som du ikkje gjorde for eit år sidan?
Del gjerne ⬇️

Adresse

Kongens Gate 54
Narvik
8514

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen:

Snarveier

Del