Frisklivssentralen Stad

Frisklivssentralen Stad Frisklivssentralen Stad er ei kommunal helsefremmande og førebyggjande helseteneste.

20/05/2026

Måndag 25.mai (2.pinsedag) utgår gruppetimane på Hamna og på kommunehuset i Selje. Vi sjåast igjen 1.juni for nokre veker til med trening før sommarferien☀️Siste gruppetime på Hamna vert måndag 15.juni. I Selje vert siste gruppetime 22.juni. Følg med for meir informasjon om øktene etter ferien.

29/04/2026

Bli med oss på Hamna ☘️ Det er vår og fint å gå turar i skog og mark. Men vi treng også ei økt i veka med styrke og balansetrening.

Kløverturane er snart i gang igjen! Turane, i regi av Nordfjordeid Sanitetsforening, er eit lågterskel og gratis tilbod ...
08/04/2026

Kløverturane er snart i gang igjen! Turane, i regi av Nordfjordeid Sanitetsforening, er eit lågterskel og gratis tilbod for alle som ønsker å gå tur saman med andre. Du treng ikkje være medlem for å delta. Ein super kombinasjon av fysisk aktivitet og sosialt samvær☀️🌲

Her finn du liste og informasjon om Kløverturane våren 2026 (obs: turen torsdag 18.06 er flytta til måndag 15.06):

01/04/2026

Hei!

Vi er så glade for at så mange er med på treningsøktene våre på Hamna og på kommunehuset i Selje, og gledar oss til fleire treningstimar etter påske😊 Øktene måndag 6.april utgår (2.påskedag).

Ønsker du å bli med eller vil du å høyre om treningstilbodet passar deg? Ta kontakt med Ragnhild på Nordfjordeid (tlf.989 04 720) eller Emilie i Selje (tlf. 90190404). Vi tar med glede i mot fleire deltakarar. Begge øktene har fokus på styrketrening, og er lagt opp slik at dei passar både nybegynnerar og erfarne🌼

God påske🐣

Hei! Frisklivssentralane i Stad kommune held jule-stengt frå 22.desember. Det vert difor ingen gruppetime på Hamna eller...
19/12/2025

Hei! Frisklivssentralane i Stad kommune held jule-stengt frå 22.desember. Det vert difor ingen gruppetime på Hamna eller organisert trening på kommunehuset i Selje før 5.januar. Vi ønsker alle ei riktig god jul, og eit godt nyttår 💫🎄Vi gledar oss til å sjå dykk igjen på nyåret!

- Ragnhild og Emilie

Små endringar kan gjere stor forskjell! 14.januar startar vi opp med kostholdskurset "Bra mat for betre helse". Ta gjern...
27/10/2025

Små endringar kan gjere stor forskjell! 14.januar startar vi opp med kostholdskurset "Bra mat for betre helse". Ta gjerne kontakt på telefon/mail dersom du har spørsmål eller ønsker å melde deg på ☺️🍏

Slit du med å finne motivasjon i kvardagen, eller kjenner du på at du manglar «noko»? Kunne du tenke deg ein liten "boos...
06/10/2025

Slit du med å finne motivasjon i kvardagen, eller kjenner du på at du manglar «noko»? Kunne du tenke deg ein liten "boost"? Hugs at vi startar opp med Kvardagsgledekurs 22.oktober - kanskje kan det være noko for deg?🌼 Påmelding innan 13.oktober (sjå plakaten).

📌Kvardagsglede er fem aktivitetar alle kan gjere for å fremme livskvalitet og helse, uavhengig av alder og livssituasjon.

🤸‍♀️Frisklivssentralen Stad held kurs i kvardagsglede🥰
- Passar for alle over 18 år som ønsker å ta grep for å få ein betre kvardag!

Sanitetsforeningen avd. Nordfjordeid arrangerer Kløvertur på torsdagar. Her får du både bevegelse, natur og hyggeleg sel...
23/09/2025

Sanitetsforeningen avd. Nordfjordeid arrangerer Kløvertur på torsdagar. Her får du både bevegelse, natur og hyggeleg selskap🌲☀ Nedanfor ser du oversikt over haustens turar, samt kven du kan kontakte dersom du har spørsmål. Sjekk gjerne ut Sanitetsforeningen avd. Nordfjordeid si facebook-side😊 Nordfjordeid Sanitetsforening

Kurs i kvardagsglede: Råd og inspirasjon for betre livskvalitet 🍁Vi i Frisklivssentralen held kurs i Kvardagsglede haust...
22/09/2025

Kurs i kvardagsglede: Råd og inspirasjon for betre livskvalitet

🍁Vi i Frisklivssentralen held kurs i Kvardagsglede hausten 2025. Kurset vert på Nordfjordeid, med oppstart 22.oktober.

🧠Kvardagsgledekurset er ei kursrekke som kan gi deg inspirasjon, ​
råd og hjelp til å øve på teknikkar som kan gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet. Kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse, i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

🟢Kurset tek føre seg dei fem viktigaste grepa du sjølv kan ta for å fremje livskvalitet og eiga psykiske helse, samt førebygge psykiske lidingar. Kurset går over seks kursdagar og kvar økt varar i cirka 2 - 2,5 time. Kurset passar for alle over 18 år som ønsker å ta grep i kvardagen.

📅Kursdatoar: onsdag 22. okt, 29. okt, 5. nov, 12. nov, 19. nov og 26. nov.​
⏰Klokkeslett: 12-14.30 ​
📍Stad: Rådhusvegen 11, Stad rådhus (Formannskapssalen)​

🟡Pris: kr 300,- (inkl. kursmateriale og enkel servering)​

📱Påmelding innan måndag 13.oktober på tlf. 98904720 eller til [email protected]

Vi gledar oss!

- Ragnhild og Emilie

Hei!  Måndag 29/9 er gruppetimen på Hamna tilbake som normalt, og vi har plass til fleire deltakarar🌼 Etter økta er det ...
17/09/2025

Hei!

Måndag 29/9 er gruppetimen på Hamna tilbake som normalt, og vi har plass til fleire deltakarar🌼 Etter økta er det også mogleg å slå seg ned i resepsjonsområdet for ein kaffikopp og ein trivelig prat ilag med dei andre deltakarane ☕😊 Ta kontakt på telefon måndagar eller onsdagar dersom du vil være med eller har spørsmål (989 04 720).

Ragnhild

Adresse

Nordfjordeid
6770

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Frisklivssentralen Stad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Frisklivssentralen Stad:

Del