Sterke-Nils Senteret

Sterke-Nils Senteret Treningssenter i Seljord Sterke-Nils senteret er eit treningssenter i Seljord, i tilknytning til Granvin kulturhus. Velkomen til oss!

Vi tilbyr eit stort utval av gruppetimar, PT og gratis rettleiing til alle medlemmar.

22/05/2026

Neida – du treng ikkje ende opp flat på golvet for å få godkjent squat 😅

Alle kroppar er ulike, og ein “perfekt” squat ser ikkje lik ut for alle. Det viktigaste er god teknikk, kontroll og å finne ei djupne som fungerer for kroppen din.

Er du usikker på squat, teknikk eller andre øvingar? Spør oss gjerne på Sterke-Nils. Me hjelper deg gjerne, uansett nivå ☺️

Vekas gruppetime: Dynamisk yoga 🧘Start veka med ro, styrke og bevegelse. Denne timen kombinerar dynamiske yogaøvingar me...
20/05/2026

Vekas gruppetime: Dynamisk yoga 🧘

Start veka med ro, styrke og bevegelse. Denne timen kombinerar dynamiske yogaøvingar med fokus på pust, fleksibilitet og styrke i heile kroppen

🕕 Måndagar kl. 06:15

Visste du at det er lettare å halde på gode treningsrutinar når ein trenar saman med andre? Gruppetimar gir både motivasjon, energi og ein fast start på dagen

Tid for mimring 💭✨For 15 år sidan stod dette i Vest-Telemark BladI dag er Sterke-Nils-senteretein levande møteplass for ...
18/05/2026

Tid for mimring 💭✨

For 15 år sidan stod dette i Vest-Telemark Blad

I dag er Sterke-Nils-senteret
ein levande møteplass for trening, folkehelse
og fellesskap i Seljord 💙

Tenk at det som starta med initiativ, dugnad og pågangsmot
– i dag er blitt ein naturleg del av kvardagen til så mange 🙌

Tusen takk til alle som har vore med på reisa
– og til deg som er ein del av det i dag 🙏

Me gir oss ikkje her 😉

🥳 Gratulerer så mykje til Randi Nordskog med ein velfortjent kulturpris! 🥳Me på Sterke-Nils senteret og Granvin kulturhu...
18/05/2026

🥳 Gratulerer så mykje til Randi Nordskog med ein velfortjent kulturpris! 🥳

Me på Sterke-Nils senteret og Granvin kulturhus er utruleg stolte og takksame for å få ha Randi med på laget år etter år❤️

Randi er eit fyrverkeri som stiller opp gong på gong!
Med eit brennande engasjement for folk, aktivitet, kultur og lokalsamfun bidreg ho på utallige måtar i bygda vår.

Ho er ein trufast instruktør og ein viktig ressurs for Sterke-Nils Senteret, samtidig som ho legg ned ein stor frivillig innsats gjennom arrangement, aktivitetar og utvikling knytt til Granvin kulturhus.

Ho brukar mykje tid og energi på å søkje midlar og skape moglegheiter som kjem fellesskapet til gode, enten det handlar om aktivitetstilbod, kultur eller nytt utstyr og utvikling.

Randi er ein av dei menneska som skapar liv, engasjement og varme rundt seg.
Ei ekte ildsjel❤️

Denne prisen er verkeleg fortjent.
Gratulerer så mykje og tusen takk for alt du gjer for bygda og menneska rundt deg !👏🌟

Sterke-Nils held ope alle fridagane i mai 💪Sjølv om kalenderen byr på fleire raude dagar, er senteret ope som vanleg for...
13/05/2026

Sterke-Nils held ope alle fridagane i mai 💪

Sjølv om kalenderen byr på fleire raude dagar, er senteret ope som vanleg for alle medlemmar:

📅 Kristi himmelfartsdag – torsdag 14. mai
📅 17. mai
📅 Første pinsedag – søndag 24. mai
📅 Andre pinsedag – måndag 25. mai

Ikkje medlem, men lyst til å trene?
Du kan enkelt kjøpe drop-in, vekeskort eller medlemskap på www.sterkenils.no og få tilgang til senteret.

Me ønskjer alle ei riktig god 17. mai-feiring 🇳🇴

08/05/2026

Nokon dagar er terskelen litt høg. Då hjelper det å ha nokon å trene saman med 💪

Litt prat mellom setta, litt pushing og mykje betre stemning. Alt blir litt lettare når ein ikkje gjer det aleine 🙌

24/04/2026

Kalk er gull for grepet. Men meir er ikkje betre☁️

Bruk akkurat nok til at hendene blir tørre. For mykje kalk kan faktisk gi dårlegare grep, fordi det legg seg som eit lag utanpå huda ✋

Held det reint etter deg. Har du sølt kalk, spray litt vatn på området og tørk opp med papir. Då slepp me kalkstøv over heile senteret 🖤

Lite kalk. Betre grep. Reint senter. 💪

17/04/2026

Strenge reglar på Sterke-Nils?! 😅
Neida, du slepp fengsel.
Men ver ein grei treningskompis: del på apparata, registrer deg, bruk innesko, tørk av etter deg og rydd på plass
Så får alle ei betre økt 💪

Adresse

Nyveg 16
Seljord
3840

Åpningstider

Mandag 05:00 - 23:00
Tirsdag 05:00 - 23:00
Onsdag 05:00 - 23:00
Torsdag 05:00 - 23:00
Fredag 05:00 - 23:00
Lørdag 05:00 - 23:00
Søndag 09:00 - 11:00

Telefon

+4735065980

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sterke-Nils Senteret legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sterke-Nils Senteret:

Del