Vossabia

Vossabia Vossabia
Vethe, 5700 Voss, Norge
Org.nr.: 985937338MVA
Telefon: +47 904 71 988
epost: [email protected]
http://vossabia.no/

Vossabia AS
Vætesvegen 96, 5708 Voss, Norge
Org.nr.: 917264279 MVA
Telefon: 99792998
epost: [email protected]
http://vossabia.no/

10/04/2026

Me står her heilt til søndag 🤩
Håpar me ser deg!

02/04/2026

🌼 ÅRETS FYRSTE HESTEHOV! 🌼
…og lukka er komplett 😍

I dag fann eg og Jonatan dei første små solene som lyser opp etter vinteren – hestehov 💛
Ein av dei aller første vårteikna, og mykje meir enn berre ein “gul blomst i grøfta”…

Visste du at hestehov heiter Tussilago?
👉 Det betyr faktisk “drive bort hoste”
Og det er ikkje tilfeldig!

Denne planten har vore brukt i over 2500 år mot:
🌿 hoste
🌿 bronkitt
🌿 astma
🌿 og luftvegsplager

Det er noko ganske magisk med å finne ein plante som menneske har brukt i tusenvis av år… og så står den der – rett framfor deg 💫

MEN! (ja, eg tek den 😉)
Hestehov skal ikkje brukast i store mengder eller over lang tid – då kan den vere giftig. Så ikkje meir enn 6 gram per dag og ikkje over 4-6 veker kontinuerleg.
Så litt respekt for krafta i plantane høyrer med 🌿

Når det er sagt…
Ein kopp te av dei første vårblomane er både helande og herleg! Det er både laaaaang tradisjon, naturglede og litt magi i same kopp 💛

Kanskje du ser på hestehov med nye auge neste gong du går tur? Kanskje du til og med plukkar med deg nokre heim… 🌼 Naturen ligg klar – det er berre å bli med

01/04/2026

Ei lita påskehelsing frå oss💛
Håpar du får ein nydeleg påske!
Kva Vossabia-produkt har du med deg i påsken? 🐣

PS: Dette er personlege meiningar og me tek avstand frå alt som blir sagt. Spesielt den med Kvikk Lunsj 😅

29/03/2026

Ville du smurt deg med dette frå fjæra? 👀🌊

Eg sit her med fanget fullt av tang 😄
Og ja… det ser kanskje litt rart ut – men dette er jo rein hudpleie frå naturen!
Her er sagtang, blæretang, grisetang, trøffeltang… eit heilt lite hav-apotek 🤯

Sagtang er faktisk heilt rå:
💧 bind masse fukt
✨ gir glød og spenst
🌿 roar og styrker huden
🌊 full av mineral frå havet

Så no klarer eg ikkje la vere å tenke… Dette MÅ jo i ei krukke! Eg startar med å utforske:
→ ansiktsmaske
→ skrubb
Og kanskje eg treng nokon modige testpersonar? 😄💚
Kunne du tenkt deg å prøve? 😂👇
Meld deg på nyheitsbrevet om du vil vere med!

26/03/2026

FRI FRAKT på alle bestillingar ut fredag 27.3! Bruk rabattkoden FRIFRAKT I HANDLEKORGA! 🐝 Ein spontan våryr kampanje då eg vart så gira 💃 vårstemning, påske på gang, og stor framdrift på vårt nye produksjonsbygg BIKUBA! 🐝🤩 ja, då spanderer me frakten i pur glede!

25/03/2026

Vil du vinne opptil 15 000 kr? 💰

I morgon er me med på event på Universitetet i Bergen saman med Relentlessly – og DU kan bli med på ein spennande challenge 👇
✨ AI & vibe coding
✨ Startups og sideprosjekt
✨ Nettverk med likesinna

Me treng hjelp til å forstå vår generasjon betre – og dei beste ideane kan vinne opp til 15 000kr💸

🎁 Første 50 deltakarar får eit gratis produkt frå oss
🍕 Gratis pizza
🎟️ Gratis å delta

Passar det ikkje å møte opp? Du kan også bli med digitalt via relentlessly.no – challengen går over fleire dagar.
Ta med ein venn og bli med i morgon kveld! 🚀

21/03/2026

Forrige veke var me på tur til Oslo for å møte våre nye forhandlere 🤝
Gode samtaler, kjekke folk og flotte butikkar!
Her er dei 👇




16/03/2026

Dei gjer alltid sist beste ☺️

11/03/2026

Kjem ikkje unna litt tango 💃🏻

08/03/2026

Norge er på botnen saman med Egypt når det gjeld andelen kvinnelege gründere. Divisjonsdirektør Tina Stiegler i Innovasjon Norge seier at tala er tragiske! Me går faktisk glipp av halvparten av talentbasen i landet når det gjeld oppstartsverksemder og verdiskaping og det har me ikkje råd til. Dette handler også den viktige kvinnedagen om. Eg heier enormt på kvinner som vågar og som vel å satse, og for meg har det vore trygghet og jording i å sjå på dei rå kvinnene i min eigen familie: oldemor Guri som laga urte-remedier som meg og som sydde klede til og stelte med sine 7 born, dreiv gård med min oldefar og som vart lagt merke til for sin folkesang. Mi farmor Randi som arbeidde på televerket, som var med å ta initiativ til å starte første damehandballslag på Voss og som stod på dag og natt for familie etter ho ganske ung mista sin mann. Mamma som hadde 70% stilling på sjukehuset, for sånn var det for kvinner på sjukehuset, sjelden mogleg å få full stilling. Og mamma måtte, for å ha råd til å ta seg av oss tre jentene etter pappa døde 43 år gama, lage seg ei bunads- og handverksverksemd pluss lære å dyrke jordbær til sal for å overleve på garden som eg i dag driv med Vossabia. Og ho sydde det meste av våre klede gjennom vår barndom, og no syr og kreerer mi knalltøffe dotter Ylva og går slik i fotspora til si mormor som ho aldri fekk møte då mamma døde før ho vart 51. Dette er også Kvinnekamp og viktig historie. Det er ikkje langt tilbake i eige land før det var langt dårlegare kår. Og enno er det altså kun 29% kvinnelege gründarar. Og så er det i tillegg enormt mange andre endå viktigere saker ang kvinner som bør vere på dagsorden nasjonalt og internasjonalt helst 365 dagar i året! ❤️

05/03/2026

På besøk hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk som snart har Vossabia i sin fine butikk på fabrikken 🐝🐑 Fantastisk bedrift som lagar det beste garnet av NORSK ULL på gamlemåten med maskiner som er over 100 år gamle! Den laaange historien, dei dyktige og flotte folka i familiebedriften, det krevande arbeidet og det utrulege høgkvalitetsproduktet som kjem ut i enden! Ikkje rart strikkeinfluencere, butikkar i Norge og USA er ville etter produkta! 👏👏👏

23/02/2026

Litt støl etter surfing dagen lang? Ta på litt Panterbalsam 🙏🏼🏄

Adresse

Vætesvegen 96
Voss
5708

Telefon

99792998

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vossabia legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vossabia:

Del